Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utvikle nye metodar for leksehjelp

Skulane treng hjelp frå dykk! Mange elevar i ungdomsskulen og på vidaregåande synest lekser er kjedeleg og vanskeleg. Og ikkje alle har nokon heime til å hjelpe seg, av ulike grunnar. Kommunen har fått tilbakemeldingar frå skulane om dette, og ber no dykk om hjelp til å ta tak i denne utfordringa.
Gut sit ved ein skrivepult heime og jobbar på PC. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kommunen og skulane treng hjelp frå dykk til å finne nye metodar for digital leksehjelp.

Oppgåve

I klassa

  • Snakk om leksehjelp i klassa. Del erfaringar og diskuter kva som er bra og mindre bra med leksehjelp.
  • Bli einige om kva som er dei åtte største utfordringane med leksehjelp. Skriv ei liste på tavla og nummerer punkta.
  • Del klassa inn i grupper på fire.

I grupper

  • To elevar i kvar gruppe skriv ned eit tal mellom 1 og 8 og eit tal mellom 1 og 12. Det første talet representerer ei av utfordringane de har blitt einige om i klassa. Det andre talet skal de bruke til å velje ord frå slumpordlista nedst på sida.
  • Ta utgangspunkt i utfordringa og slumpordet dykkar, og diskuter dykk fram til nokre idear til korleis skulane kan drive digital leksehjelp.
  • Presenter ein av ideane dykkar for klassa.

Slumpord

  1. podkast
  2. lærar
  3. app
  4. telefon
  5. matematikk
  6. eple
  7. flyktningar
  8. bibliotek
  9. bok
  10. ferie
  11. ekspert
  12. eldre

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2020

Læringsressursar

Forretningsidéar og mål