Form og funksjon
Jobber du med design, er det viktig å finne ut tidleg kva produktet skal brukast til. Nokre gjenstandar kan ha fleire funksjonar, og andre ingen.
Vi fortset med ein stol som eksempel: Korleis den skal brukast avgjer utforminga. Stolen kan ha rette eller mjuke, avrunda former. Den kan opplevast streng eller innbydande. Fargene og materiala verkar også inn på uttrykket. Ein designar må få form, fargar og materiale til å fungere saman og samstundes tenke på bruksområdet.
Ulike tider og ulike kulturar har sitt formuttrykk. Ein stol har ei heilt anna utforming i dag enn for 100 år sidan, men han fyller framleis same funksjon. Forma skal følge funksjonen, og god funksjon kan vere vakkert i seg sjølv. Derfor er dekor unødvendig. Men vi ser at vi også har behov for å leike oss med former og fargar. Vi hentar inspirasjon frå fortida og ulike kulturar og smeltar dette saman til eit moderne uttrykk.
I presentasjonen under får du ei oversikt over ulike formuttrykk, både i to- og tredimensjonal form..
Relatert innhald
De skal ei veke på fjelltur og får berre ta med ti ting kvar. Kva gjenstandar tek de med? Kva slags funksjon har dette utstyret?