Fagartikkel
1 + 1 = 3
1 + 1 = 3 er ei øving som trenar opp evna til assosiasjonstenking. Samtidig blir de kjende med berekraftsmåla til FN.
Tid: 20 minutt
- Gå saman i grupper på fire eller fem elevar. Sørg for at de har noko å notere på. Vel éin i gruppa til å vere referent.
- Sjå på oversikta over berekraftsmåla til FN og forklar kort for kvarandre kva berekraftsmåla er. Vel dykk ut to mål. Alternativt kan læraren gi to «tilfeldige» mål til kvar gruppe.
- Bruk 3 minutt på å lese om berekraftsmåla de har valt eller fått, og på å diskutere kva desse måla faktisk betyr.
- Bruk 8–10 minutt på å kome på idear og skrive ned forslag til korleis vi kan nå dei to berekraftsmåla. Hugs at alle forslag er like verdifulle. Ingen idear er dumme. Det er ikkje lov å seie «nei». Alt er mogleg! No er det om å gjere å få fram så mange idear som mogleg.
- Bruk 2 minutt på å bli samde om kva for to forslag de har lyst til å dele med klassen.
- Gruppene får 1–2 minutt kvar til å presentere sine to forslag for klassen. Sei først kva for to mål de har teke utgangspunkt i, før de fortel om forslaga.
Refleksjon: Det er viktig å reflektere saman over kva de har gjort i denne øvinga, kvifor de har gjort det, og korleis de kan bruke øvinga i ulike samanhengar. Set av 4–6 minutt til dette, gjerne meir.
Døme på refleksjonsspørsmål:
- Kva tenkjer de at de lærer av denne øvinga?
- Kvifor er det viktig å trene på kreativitet?
- På kva måte hjelpte berekraftsmåla dykk til å kome på idear?
- Korleis kan dette vere nyttig trening for arbeid med ulike prosjekt?
- Korleis og når kan denne øvinga vere nyttig i andre samanhengar (på skulen, på fritida osv.)?