Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Poop Time

I første episode av NRK-serien Gründerne jaktar programleiar Christian Strand på sin eigen forretningsidé. Jobb med oppgåvene relatert til forretningsideen "Poop Time". Trur de Poop Time kan bli ein revolusjonerande bleiesensor og suksess?
Bæsj-emoji. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I den første episoden av NRK-serien Gründerne utforskar programleiaren Christian Strand kva som er ein god idé, og om han kan komme opp med sin eigen forretningsidé. Etter kvart kjem han opp med ein idé om ein bleiesensor. Sjå episoden her:

Oppgåve

Jobb gjerne i par. Diskuter svara dykkar i klassen.

  1. Skriv ned det de meiner er ei passande formulering av forretningsideen til Poop Time.

  2. Formuler nokre forslag til overordna mål og marknadsmål for Poop Time.

  3. Kva synest de om forretningsideen? Trur de at Poop Time kjem til å få eit fotfeste på den norske marknaden? Kvifor/kvifor ikkje?

  4. Kvifor er innovasjon viktig for Noreg, og kan de tenkje dykk fleire måtar innovasjon kan skje på?

  5. Kva tenkjer de kan vere fordelar og ulemper med å vere gründer?

NRK-serien Gründerne består av fire episodar, og du kan sjå dei andre episodane i den relaterte artikkelen nedanfor.

Relatert innhald

Kva skal til for å bli ein gründer? NRK-serien Gründerne ser nærare på kva som er ein god idé, og kva som skal til for å lykkast som gründer.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2021

Læringsressursar

Forretningsidéar og mål