Oppgåve
Når får du gode idéar?
Vi kan komme på gode idéar på uventa stader og tidspunkt. Finst det noko mønster i når og kvar du kjem på gode idéar?
Bruk nokre minutt på å skrive ned stikkord knytte til erfaringar du har med kreativitet og idéskaping. Diskuter så desse spørsmåla i grupper:
- Når hadde du sist ein god idé?
- Når gjennomførte du ein god idé?
- Kven jobba du saman med?
- Kven syntest idéen var god?
- Kvar kom idéen frå?
- Kvar var du då du fekk idéen?
- Kva var det naudsynt å gjere for å kunne gjennomføre han?
- Kva kan ein gjere for å komme på gode idéar?