Oppgåve
Lag tankekart
I eit tankekart sorterer du idéane dine på ein fri og visuell måte. I denne oppgåva samarbeider de i klassen for å komme på flest mogleg idéar. De skal lage eitt eller fleire tankekart. Arbeid i grupper for å kunne byggje vidare på idéane til kvarandre. Den eine assosiasjonen fører til den neste.
- ark i stort format, til dømes A1 eller A2
- tusjar i ulike fargar
- musikk
- Del inn i grupper på fire til seks elevar. Kvar gruppe får ein tusj med ulik farge.
- På førehand legg de fram store ark. Det skal vere like mange tankekart som grupper, og de fordeler arka rundt i klasserommet. Heng tankekart på veggen, legg dei på golvet, eller plasser dei på ulike bord.
- Bestem på førehand kva som skal stå i senter på dei ulike tankekarta. Vel det som er aktuelt for oppgåva dykkar, til dømes tema, bodskap, målgruppe, teknologi og teknikkar, materiale og fargar.
- Den som leier aktiviteten startar musikken, og kvar gruppe skriv så mange stikkord dei klarer. Når musikken blir stoppa, må alle slutte å skrive og gå til neste tankekart. I tillegg til ord kan de teikne små skisser på arka.
- Hald fram til alle har jobba på alle tankekarta. Det er om å gjere at fargen i gruppa dekkjer mest mogleg av arka.
- For å velje ut dei beste idéane, kan de avslutte med å setje ein strek under dei idéane de vil jobbe vidare med.