Filmklipp
Nettverksaktivitetar i Tise
Når du har ein forretningsidé, er det lurt å bruke nettverket ditt for å sjå kven som kan hjelpe deg vidare. Det gjorde gründerane av Tise! Tise er ein nettstad og ein app der du kan kjøpe og selje brukte klede, sko, vesker, smykke, klokker, briller, kunst og diverse interiør.
Forretningsidéen til Tise var å utvikle ei sosial teneste som gjorde kjøp og sal av brukte klede til noko morosamt og inspirerande å drive med.
I videoen over kan du høyre Tise-leiinga fortelje meir om ideen og om kvifor nettverksaktivitetar er viktige for forretningsdrifta deira.