Hopp til innhald
Fagartikkel

Brainstorming

Brainstorming, eller idémyldring, er ei enkel øving for å kome på flest mogleg idear, bli trygge på kvarandre og få i gang prosessar for idéutvikling. Ho eignar seg å bruke i oppstarten av eit prosjekt. I denne øvinga er det viktig at de er impulsive og kreative.
Video: Film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Tid: minimum 15 minutt

Føremålet med denne øvinga er

  • å få fram mange idear og å trene på at ingen idear er dårlege

Materiell

  • post-it-blokker og tusjar

Post-it-lappar eignar seg veldig godt til brainstorming. Lappane gjer det lett å assosiere fordi dei er enkle å flytte på. Heng ideane opp på ei tavle eller ein vegg. Det er viktig å tenkje på at tavla eller veggen skal vere full av idear og ikkje endelege løysingar. Dei beste ideane må de arbeide vidare med for at dei skal kunne bli til gode løysingar.

Instruksjon

  1. Elevane går saman i grupper på tre eller fire.
  2. Læraren gir gruppene ei problemstilling, og dei skal så kome med idear til løysingar.
  3. Individuelt – 2 minutt: Alle noterer sine eigne idear på post-it-lappar – utan å diskutere med sidemannen. Det er berre lov med éin idé per post-it-lapp!
  4. I gruppa – 5 minutt: Alle i gruppa les opp ideane sine for kvarandre og hengjer post-it-lappane opp på veggen fortløpande. Idear som liknar kvarandre eller er like, kan grupperast saman. La dykk inspirere av kvarandre sine idear. Kanskje dette fører til at de kjem på endå fleire nye idear?
  5. I gruppa – 3 minutt: Gruppemedlemmene blir samde om kva for tre idear dei liker best.
  6. Oppsummering i plenum – 5 minutt: Kvar gruppe deler ein av ideane sine med resten av klassa. Kanskje dette kan trigge klassa til å ta endå ein runde for å kome på endå fleire nye idear?
  7. Refleksjon: Det er viktig å reflektere saman over kva de har gjort i denne øvinga, kvifor de har gjort det, og korleis de kan bruke øvinga i ulike samanhengar. Set av minst 5 minutt til dette.

    Døme på refleksjonsspørsmål:

  • Kva tenkjer de at de lærer av denne øvinga?
  • Kvifor er det viktig å trene på kreativitet?
  • Fekk du nye idear på grunnlag av andre sine idear? Var dette heilt nye idear, eller var dei ei vidareutvikling av ideane til andre?
  • Får du betre idear av å få fram mange idear?
  • Korleis kan dette vere nyttig trening for arbeid med ulike prosjekt?
  • Korleis og når kan denne øvinga vere nyttig i andre samanhengar (på skulen, på fritida osv.)?