Hopp til innhald

Fagstoff

Start dykkar eiga ungdomsbedrift

Har du nokon gong drøymt om å starte di eiga bedrift, der du kan tene pengar på å setje dine eigne idéar ut i livet? Ungdomsbedrift er ei unik moglegheit for dykk som elevar til å starte bedrift innanfor trygge rammer.
Eit titals glade, ropande ungdommar. Dei held plakatar utforma som kredittkort med namn og pengesummar på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor drive ungdomsbedrift?

Noreg treng fleire gründerar, også kalla innovatørar. Ved å starte ungdomsbedrifter kan de bli framtidas innovatørar. Fleire som tidlegare har drive ungdomsbedrift, vel å starte opp att bedrifta som aksjeselskap når dei er ferdige på vidaregåande skule. Delen som startar eige firma, er vesentleg høgare blant dei som har drive ungdomsbedrift, enn blant andre.

Fremtidens arbeidsplasser blir skapt av mennesker som tør å ta en sjanse, og som satser på egne evner og ideer. Norge skal være et godt land å starte og utvikle nye bedrifter i. Mange av bedriftene som våre barn og barnebarn skal jobbe i, er ennå ikke etablert. Det er nå vi legger til rette for morgendagens arbeidsplasser.

Monica Mæland, næringsminister

Praktisk læring

Ungdomsbedrift gir dykk moglegheit til å utforske og eksperimentere. I tillegg kan de oppleve skaparglede og engasjement ved å gjere idear om til handling.

I arbeidet med ungdomsbedrift kan de gå i djupna på ulike problemstillingar. De får nytte teori frå ulike fag i praktiske oppgåver knytte til ungdomsbedrifta. Til dømes set de opp dykkar eigen priskalkyle, de lagar budsjett, og de fører rekneskap for bedrifta. Bedrifta skal òg marknadsførast, så her kan de vere kreative og prøve ut alt de har lært om ulike marknadsføringstiltak.

De vil sjå at god fagkunnskap er nyttig i arbeidet med ungdomsbedrifter. Mellom anna er det viktig med eit godt språk, sidan personar utanfor skulen òg skal lese det de skriv. Det er motiverande å sjå sine eigne idéar bli sette ut i livet, og ikkje minst er det motiverande at de kan tene litt pengar om bedrifta går godt.

Kontakten med næringslivet er òg ein viktig del av det å drive ungdomsbedrift. De lærer kor viktig det er å etablere nettverk, og de blir oppmoda til å få hjelp frå ein ekstern mentor.

Korleis drive ungdomsbedrift?

Ungdomsbedrift er eit pedagogisk program i regi av Ungt Entreprenørskap. Alle ungdomsbedrifter skal ha ein lærar på skulen som forankrar arbeidet med programmet i undervisninga. Læraren er òg ansvarleg for at arbeidet går føre seg innanfor dei rammene som er sette:

  • Ei ungdomsbedrift skal etablerast på starten av skuleåret og avsluttast på slutten av skuleåret.
  • Deltakarane i ei ungdomsbedrift er elevar i vidaregåande opplæring.
  • Det må vere minst to elevar i ei ungdomsbedrift.
  • Elevane i ei ungdomsbedrift pliktar å følgje vedtektene for bedrifta.
  • Omsetjingsgrensa for ei ungdomsbedrift er 140 000 kroner gjennom levetida til bedrifta.
  • Ei ungdomsbedrift har i utgangspunktet ikkje lov til å pådra seg gjeld.

De registrerer ungdomsbedriftene dykkar i Brønnøysundregistera som eigne juridiske einingar via Ungt Entreprenørskap. Kvar ungdomsbedrift får eit unikt organisasjonsnummer så snart bedrifta er registrert. Ungdomsbedrifter som er knytte til Ungt Entreprenørskap, fell inn under definisjonen av velgjerande og allmennyttige institusjonar. Ungt Entreprenørskap samarbeider med Skatteetaten og Brønnøysundregistera og kan tilby eit godt rammeverk, slik at arbeidet går føre seg i lovlege former.

Relatert innhald

Gjennom å danne ungdomsbedrifter og utvikle idear til produkt som kan seljast, møter elevane ein skulekvardag som byr på reelle problemstillingar.

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2022

Læringsressursar

Entreprenørskap