Hopp til innhald

Fagstoff

Stortingsval

I eit demokrati krevst det at kvar borgar har ei stemme. Men veg kvar stemme likt ved valet til Stortinget? Svaret er nei, og årsakene finn vi i valordninga.

Denne videoen frå Stortinget forklarer i korte trekk korleis valordninga i Noreg fungerer.

Kort om valordninga

I Noreg har vi stortingsval kvart fjerde år. Alle norske statsborgarar som er over 18 år eller som fyller 18 år i valåret, kan stemme. Når vi stemmer, kan vi førehandsstemme eller møte opp i vallokalet på valdagen. Sjølve stemmegivinga skjer ved at ein plukkar ut lista til det partiet ein vil stemme på og legg henne i ei valurne. På listene står namn på personar som er kandidatane til partiet til å komme på Stortinget. Personane øvst på lista har størst sannsyn for å komme på Stortinget og bli stortingsmandat for partiet sitt og distriktet sitt.

Noreg er delt i 19 valdistrikt. Desse distrikta svarer omtrent til dei gamle fylka slik dei var før regionreforma slo saman fleire fylke. I dag har vi berre elleve fylke. Mandata blir berekna ut frå kor mange stemmer partia får i valdistrikta. I praksis er det ikkje slik at alle stemmer tel like mykje. For å forstå korleis dette heng saman må vi gå litt djupare inn i valordninga og prinsippa som ligg bak.

Overordna omsyn i valordninga

Stortinget skal spegle folkeviljen. Men som i mange andre demokrati har vi heller ikkje i Noreg hatt ei valordning som er matematisk rettferdig. Sidan 1814 har valordninga vorte endra mange gonger. Ho har vorte til som eit resultat av ein politisk dragkamp, men ho har òg prøvd å vareta fleire overordna omsyn.

Dei viktigaste overordna omsyna er:

Viljen til veljarane

Viljen til veljarane skal komme til uttrykk gjennom Stortingets samansetning. Dette er grunnlaget for ordninga med direkte val og forholdstalsval. I tillegg skal ordninga med utjamningsmandat jamne ut urettferdige forskjellar som kan oppstå når ein fordeler mandata mellom partia.

  • Direkte val inneber at veljarane stemmer direkte på representantar for valdistriktet ved å gi stemma si til vallista til eit parti.

  • Forholdstalsval betyr at partilistene får same prosentdel av mandata som dei fekk stemmer i valdistriktet. Viss ei liste får halvparten av stemmene i eit distrikt, får det partiet halvparten av mandata i det distriktet. 150 av dei 169 mandata på Stortinget blir valde på denne måten. Desse blir kalla distriktsmandat.

  • Utjamningsmandat er plassar på Stortinget som blir tildelte dei partia som fekk dårleg utteljing i valdistrikta. Det kan vere parti som nesten fekk eit mandat i fleire distrikt. Det er 19 slike utjamningsmandat, eitt for kvart valdistrikt.

Styringsdyktig fleirtal

Valordninga skal bidra til å etablere styringsdyktige fleirtal. I praksis betyr dette at ho skal hindre at veldig mange små parti kjem inn på Stortinget. Dette blir regulert gjennom sperregrensa. Sperregrensa er sett til 4 %. Det betyr at berre parti som har meir enn 4 % oppslutning på landsbasis, er med på fordelinga av utjamningsmandat.

Distriktsinteresser

Valordninga skal sikre at spesielle interesser i tynt folkesette område i Noreg blir representerte. Dette blir gjort gjennom arealfaktoren. Kor mange mandat som skal representere eit valdistrikt, blir ikkje berre bestemt av talet på innbyggjarar i eit distrikt, men også av kor stort valdistriktet er.

Ordningane med arealfaktor og sperregrense er omstridde.

  • Kan du tenkje deg nokon argument for eller mot arealfaktoren?

  • Kan du tenkje deg nokon argument for at sperregrensa burde vore lågare eller høgare enn 4 %? Eller kanskje ho kunne fjernast heilt?

lavinia.no kan du leike deg med ulike valordningar og sjå kva som skjer med resultatet når du endrar på faktorar som arealfaktoren og sperregrensa.

Relatert innhald

Røysteretten er ein politisk ressurs. Gjennom den kan du påverke samansetjinga av Stortinget og andre organ som er folkevalde.

Det er vi som bur i landet, som skaper politikk gjennom det engasjementet vi viser. Vi har fleire kanalar for slik politisk innverknad:

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 17.08.2021

Læringsressursar

Det norske demokratiet