Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva skjer på Stortinget?

Skjer det noko på Stortinget akkurat no? Forstår du noko av det?
Stortingssalen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gå inn på Stortinget si live-sending og sjå på kva som skjer der. Viss det ikkje er noka sending akkurat no, kan du gå inn i Stortinget sitt videoarkiv og sjå på siste møte. Sjå omtrent ti minutt av sendinga. Viss du vil, kan du kan spole tilbake i livesendinga for å få med deg byrjinga av saka.

Stortinget si live-sending

Stortinget sitt videoarkiv

Stortinget sin dagsorden

  1. Kva går saka ut på? Gjer vidare undersøkingar ved å lese om saka i Stortinget sin dagsorden.
  2. Gjer eit nettsøk og prøv å finne ut om saka er omtalt i media. Kvifor / kvifor ikkje, trur du?
  3. Gjeld saka deg eller nokon du kjenner på nokon måte? Kven trur du denne saka gjeld mest?
  4. Korleis går behandlinga av saka føre seg i Stortinget? Beskriv det du ser i sendinga.
  5. Er det noko ved det som skjer på Stortinget som du synest er rart, interessant eller som du ikkje forstår? Noter ned eit par døme.

Del det de har funne i klassen eller i grupper.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020

Læringsressursar

Det norske demokratiet