Hopp til innhald

Fagstoff

Noreg: utanfor og innanfor EU

Noreg er ikkje medlem av EU, men gjennom avtalar som EØS-avtalen og Schengen-avtalen og andre avtalar direkte med EU og EU-landa er Noreg tett integrert med EU. I 2012 kom ei utgreiing som i tittelen seier noko om Noregs sitt forhold til EU: "Utenfor og innenfor. Norges avtaler med EU".
Det norske flagget og EU-flagget sammen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Noreg er ikkje formelt medlem av EU. Samtidig er Norge knytt til store delar av EU-samarbeidet og har overteke mykje av EUs regelverk. Sett frå Brussel er Noreg det tredjelandet som har knytt seg sterkast til EU.

Mange tenkjer kanskje dette er rart sidan motstanden mot EU framleis er ganske stor i den norske befolkninga. Politisk er det òg stor usemje om eit eventuelt norsk medlemskap. Samtidig er det lita merksemd og liten usemje i Stortinget når det gjeld innføring av EU-lovar i Noreg.

Det er likevel nokre unntak. Dette gjeld mellom anna Datalagringsdirektivet (DLD) og Vikarbyrådirektivet som det har vore ein del debatt rundt. I oppgåva skal du finne ut meir om debatten rundt desse direktiva og kva dei handlar om.

Avtalane Noreg har med EU

Det samla avtaleverket med EU gjeld både utanrikspolitikk og innanrikspolitikk. Desse avtalane ivaretek ikkje berre forhold til sjølve EU som organisasjon, men òg til dei 27 EU-statene og dei to andre EFTA/EØS-statane, Island og Liechtenstein.

Den viktigaste avtalen Norge har med EU, er EØS-avtalen. EØS-avtalen blei vedteken i 1992 og trådde i kraft i 1994. "EØS-avtalen er den største og mest sammensatte folkerettslige avtalen Norge noen gang har inngått, og gjennom snart tjue år har den vist seg å ha betydning på de fleste samfunnsområder i Norge – direkte og indirekte, synlig og mindre synlig."

Sjølv om EØS-avtalen er den største og viktigaste avtalen Noreg har med EU, er det ei rekkje andre avtalar som regulerer Noreg sitt forhold til EU. Av desse er Schengen-avtalen den viktigaste og mest kjende. Men til saman har Noreg 74 store og små avtalar med EU innanfor ei lang rekkje politiske område.

Det finst mellom anna avtalar om politisamarbeid, om deltaking i EUs sivile og militære krisehandteringsoperasjonar, om programsamarbeid om forsking, utdanning og regionalt samarbeid og avtalar knytte til fiskeri- og landbrukssektoren. (NOU 2012: 2, punkt 3.1)

Påverknad i Noreg

Ein ting er påverknaden desse avtalane har på samarbeidsområde med EU-landa, ein annan ting er at avtalane med EU òg påverkar interne forhold i Noreg.

"Avtalene har betydning på de fleste samfunnsområder - økonomi, næringsliv, arbeidsliv, velferd, helse, distriktspolitikk, energi, miljø, klima, samferdsel, forskning, utdanning, mat, landbruk, fisk, alkohol, likestilling, forbrukervern, sivil beredskap, grensekontroll, innvandring, politisamarbeid, sikkerhets- og forsvarspolitikk, og mye annet." (NOU 212: 2, punkt 1.1)


Delar av teksten er henta frå NOU 2012: 2, men er omarbeidde og tilrettelagde av NDLA. Der det er direkte sitat, er det markert med ein fotnote eller referanse i parentes.

Relatert innhald

Gjennom ordninga med EØS får Noreg fri tilgang til den indre marknaden i EU, og til dei fire fridommane.

Frå 1990 har EU-landa hatt ein avtale om felles grensekontroll. Noreg, Sveits, Liechtenstein og Island er fire ikkje-EU-land som òg har skrive under på avtalen.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2017

Læringsressursar

Det norske demokratiet