Stortinget
- Stortinget har den lovgivande makta. Det vil seie at Stortinget vedtek, endrar og opphevar dei norske lovene. Dei fleste lovene Stortinget vedtek, er såkalla rammelover eller fullmaktslover. Det vil seie at regjeringa har fullmakt og ansvar for å utarbeide forskrifter til lovene.
- Stortinget har den løyvande makta. Det vil seie at Stortinget vedtek statsbudsjettet kvart år, altså dei berekna inntektene og utgiftene til staten. Statsbudsjettet viser dermed dei økonomiske rammene for dei oppgåvene som staten har det kommande året.
- Stortinget har kontrollerande makt. Det vil seie at Stortinget ser til at regjeringa følgjer opp det Stortinget vedtek. Det blir mellom anna gjort gjennom ulike kontrollorgan, som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget og eksterne kontrollorgan som Riksrevisjonen.
Stortinget vedtek reglar og retningslinjer for statsdrifta. Det behandlar også planane for drifta.
Veit du forskjellen på Stortinget og Regjeringa/regjeringa? Videoen under gir ei kort forklaring. Videoen er frå 2021, då Erna Solberg var statsminister.
Stortinget har 169 representantar. Desse er valde for fire år. Det første representantane gjer når dei samlast etter stortingsvalet, er mellom anna å velje stortingspresidenten. Stortingspresidenten leier verksemda og diskusjonane i Stortinget.
Når dei 169 representantane kjem til Stortinget, organiserer dei seg i partigrupper. Representantane som er valde frå same politiske parti, utgjer ei partigruppe. Partigruppene blir leidde av gruppestyre. Leiarane for gruppestyra blir kalla parlamentarisk leiar. Gruppestyra fattar politiske avgjerder og samordnar arbeidet i partigruppa.
Saksførebuingane i Stortinget skjer i fagkomitear. Alle dei 169 representantane sit i ein av 12 fagkomitear. Partifordelinga innanfor kvar fagkomité er mest mogleg lik partifordelinga i eit samla storting. Derfor er det vanlegvis slik at det vedtaket Stortinget gjer i ei sak, er i tråd med innstillinga frå komiteen. Komitémedlemmene er som regel også ekspertane til partia på fagområdet komiteen tek seg av, og er sentrale i utforminga av dei haldningane og syna partiet har i saker innanfor området.
Komiteane får oversendt saker til behandling frå Stortinget.
Som regel er det regjeringa som kjem med forslag til saker som skal behandlast i Stortinget. Før det blir fatta politisk vedtak i Stortinget, blir saka behandla i partigruppene og i fagkomiteane. Sakene går som regel gjennom ei langvarig forbetring som mange har delteke i. Mange organisasjonar og andre grupperingar ønskjer å påverke behandlinga av viktige saker. Sidan sakene i praksis blir avgjorde i fagkomiteane, så blir dei eit viktig forum for påverknad. Fagkomiteane leverer ei innstilling til Stortinget, som behandlar saka i plenum og fattar vedtak.
Saksbehandlinga i fagkomiteane og partigruppene skjer for lukka dører. Derfor er dei opne debattane i Stortinget ein viktig arena for politisk debatt. Trontaledebatten som innleier kvar stortingssesjon, og finansdebatten, som tek for seg regjeringas økonomiske politikk og prioriteringar, er to viktige årlege debattar. Du kan vere til stades når politiske spørsmål blir debattert, og få innsyn i kven som meiner kva, og kva som blir vedteke. Ein av dei mest populære debattane er munnleg spørjetime. Der kan representantane stille spørsmål direkte til statsrådane og ta opp nye saker.
Sjølv om det er mykje alvor og seriøse diskusjonar på Stortinget, er det òg rom for latter og humor. I videoen under kan du sjå nokre døme på det.
Aktiviteten til staten kostar pengar. Her speler statsbudsjettet ei viktig rolle. Statsbudsjettet er eit samla oversyn over kor mykje pengar staten vil bruke på eit år. Sidan det er eit budsjett, så har det ei inntektsside og ei utgiftsside. Ifølgje Grunnlova er det Stortinget som har mynde over dette. Stortinget bestemmer skattar og avgifter og korleis midla skal brukast.
Å utarbeide og vedta eit statsbudsjett er ein langvarig og omfattande prosess. Norske regjeringar bruker mykje tid i fellesskap på budsjettdrøftingar. Ramma for neste budsjettår blir lagt under regjeringas budsjettkonferanse i mars, og endeleg profil på budsjettet blir lagt i månadsskiftet august/september før budsjettforslaget blir fremja for Stortinget i byrjinga av oktober. Regjeringa drøftar også eventuelle justeringar i budsjettet i samband med Revidert nasjonalbudsjett som dei legg fram seinast 15. mai.
Relatert innhald
Etter eit stortingsval er det formelt sett kongen som peiker ut kven som skal danne regjering.