Hopp til innhald

Fagstoff

Domstolane

Domstolane er den dømmande makt og blir rekna som ei av dei tre statsmaktene, ved sidan av den lovgivande (Stortinget) og den utøvande (Regjeringa).
Utsikt frå talarstol i ein rettssal. Norges lover ligg på bordet. Foto.

Domstolane og ankerett

Det er tre nivå på domstolane i Noreg:

  • tingretten
  • lagmannsretten
  • Høgsterett

Ei sak kjem først til tingretten. Dersom ein ikkje er einig i ein dom i tingretten, har ein rett til å klage, det vil seie å anke saka til lagmannsretten. Begge partar i ei sak har rett til å anke.

Retten til å anke er viktig, for denne retten gir alle høve til å få saka si prøvd av to uavhengige instansar. I somme tilfelle kan saker òg ankast til Høgsterett. Om ei sak skal takast opp i Høgsterett, blir bestemt av ei mindre gruppe høgsterettsdommarar, som blir kalla ankeutvalet.

Grunnen til at ein anke først skal vurderast i ankeutvalet, er at Høgsterett berre tek opp saker som er av prinsipiell interesse. Oftast vil det seie saker som kan få konsekvensar for mange liknande saker. Eller det kan vere er ein heilt ny type sak, slik at høgsterettsdommen kan danne eit føredøme for seinare saker.

Dersom Høgsterett tek opp ei sak, tek dei ikkje stilling til sjølve skuldspørsmålet, men ser på lengda på straffa og korleis lova er brukt i lagmannsretten. Høgsterett kan òg bestemme at ei sak skal behandlast på nytt i lagmannsretten. I tillegg til fagdommarane er det berre advokatane til partane som er til stades i Høgsterett.

Høyesterettsjustitiarius Toril Marie Øie. Foto.

Slik fungerer retten

Domstolane blir leidde av éin eller fleire dommarar. Dommarane tolkar lovene, og på grunnlag av denne tolkinga avgjer dei sakene. For å bli dommar må ein ha teke juristutdanning ved eit universitet og så arbeidd som advokat eller i andre juridiske stillingar ein del år.

I tingretten og lagmannsretten har vi òg såkalla lekdommarar, vanlege menneske, i tillegg til fagdommarane. Tanken er at den tiltalte skal dømmast av likemenn, som representerer eit gjennomsnitt av normene og verdiane som finst i samfunnet. I saker der nokon utfører eit lovbrot med ei strafferamme på meir enn seks år, har vi no ei ordning med to fagdommarar og fem lekdommarar. Denne ordninga blei innført 1. januar 2018, og den erstatta den gamle juryordninga.

Det finst to typar rettssaker:

  • Straffesak: Når du er blitt meld til politiet og påtalemakt meiner at det du har gjort, er straffbart. Drap er kanskje det alvorlegaste dømet på ei slik handling.
  • Sivil sak: Når det har oppstått ei usemje mellom deg og ein annan part om kva som er rett i ei sak, og ein av partane fører saka inn for retten. Ein nabokrangel der du meiner at naboen har bygd eit gjerde inn på di tomt, er eit klassisk døme.

Det er politiet som etterforskar lovbrot. Både i etterforskinga og under rettssaka er konkrete bevis avgjerande. Bevisa må dokumentere at det ein part meiner har skjedd, faktisk skjedde. Dersom bevisa ikkje held, kan ingen dømmast.

Andre løysingar enn rettssak

Mindre lovbrot fører ofte til at politiet gir eit såkalla førelegg, ei bot. Dette er ei ordning for ikkje å belaste domstolane med for mange småsaker. Blir du teken for å ha køyrt for fort, spør politiet om du godtek eit forenkla førelegg. Dersom du ikkje gjer det, sender politiet saka til påtalemakta, og du må møte i tingretten.

Før ei sivil sak kjem opp til doms, kan saka leggjast fram for forliksrådet. Her sit det tre lekfolk, ofte tidlegare politikarar. Saman med partane prøver dei å finne fram til eit forlik. Ordninga er med på å avlaste domstolane og sparer ofte partane i ein konflikt for utgifter til å føre ei sak for domstolen.

Riksrett

Riksretten er ein særdomstol som skal passe på at Stortinget og regjeringa arbeider etter reglane i Grunnlova. For at ei sak skal hamne i riksretten, må det vere snakk om at medlemmer av regjeringa, Stortinget eller Høgsterett har misbrukt posisjonen sin til å utføre straffbare handlingar. Dei fem dommarane som har sete i Høgsterett lengst, fungerer som riksrett.

Etter 1814 er det berre åtte saker som har ført til ein fellande dom i riksretten, den siste i 1927. Men ordninga finst enno. Ved ei rekkje saker etter andre verdskrigen har politikarar trua med å bruke riksrett mot meiningsmotstandarar.

CC BY-SASkrive av Clemens Saers. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 18.03.2020

Læringsressursar

Det norske demokratiet