Hopp til innhald

Fagstoff

Fylkeskommunane

Mellom stat og kommune ligg det regionale styringsnivået fylkeskommunen. I 2020 blei talet på fylke kraftig redusert, og fylka fekk fleire oppgåver. I 2024 blei somme av desse fylka delte opp igjen.
To kart som viser fylka i Noreg før og etter regionreforma 2020. Karta er oppdaterte med endringar gjeldande frå 1. januar 2024. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå 1. januar 2024 har vi 15 fylke i Noreg. Oslo er både ein kommune og ein fylkeskommune. Fylkeskommunen har styringsorgan som svarer til dei i kommunane. Det folkevalde organet er fylkestinget, og politisk leiar er fylkesordføraren. Fylkesutvalet svarer til formannskapet i kommunane.

Somme fylkeskommunar har innført ein parlamentarisk styringsmodell. Det vil seie at dei styrer etter ein modell som minner meir om slik staten er styrt med storting og regjering. I ein slik modell har ein eit fylkesråd, som tilsvarer Regjeringa, mens fylkestinget tilsvarer Stortinget.

Med regionreforma i 2020 blei fleire fylke slått saman, og talet på fylke gjekk frå 19 til 11. Somme av fylka blei uendra (Rogaland, Møre og Romsdal, Nordland og Oslo). Formålet med reforma var å styrke fylkeskommunane ved å gi dei større kapasitet og fleire oppgåver. Det var mykje misnøye med samanslåinga i fleire av dei nye fylka, og i tre av desse blei det etter kort tid vedteke å dele opp igjen og gå tilbake til den gamle inndelinga. Det vil seie at vi i dag har 15 fylke.

Fylka har ein administrasjon med fagavdelingar som tek seg av ulike område fylka har ansvaret for. Den øvste administrative sjefen heiter fylkesdirektør. Fylkeskommunane har mellom anna ansvar for vidaregåande skular, tannhelsetenester, fylkesvegar, kulturminne, integrering og sysselsetjing av innvandrarar. Nærare oversikt over oppgåvene frå fylkeskommunane finn du i artikkelen om styringsnivåa.

Kvart fylke har òg ein statsforvaltar, som er statens representant i fylka. Statsforvaltaren passar på at det staten har bestemt, blir følgt opp og gjennomført på rett måte i fylka og i dei enkelte kommunane i fylka. Dersom ein meiner at kommunen eller fylket ein bur i ikkje følger reglane som er bestemt av staten, kan ein klage til statsforvaltaren.

Relatert innhald

Kva er oppgåvene til dei tre styringsnivåa i Noreg – stat, fylkeskommune og kommune?

Kva har kommunen ansvar for? Korleis blir ein kommune styrt? Korleis får kommunene inntekter?

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal, Jan-Arve Overland og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 20.12.2023

Læringsressursar

Det norske demokratiet