Hopp til innhald

Fagstoff

Sametinget

Same dagen som det blir halde stortingsval, er det òg sametingsval. Sametinget har eit særleg ansvar for å arbeide med saker som gjeld den samiske delen av befolkninga, og dessutan ein del spesialområde som samane forvaltar på vegner av staten.
plenumssalen i Sametinget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konkret vil det seie at dei arbeider med samiske spørsmål innanfor så ulike felt som språk, kunst og kulturliv, opplæring, næringsverksemd, helse- og sosialsaker, miljø, areal- og kulturvern og land- og ressursrettar. Dei er i tillegg engasjerte i internasjonale spørsmål om rettane og livsvilkåra til urfolk.

Sametinget i plenum er det øvste organet i Sametinget, som møtest fire gonger i året. Sametingsrådet fungerer som ei regjering for Sametinget og står for den daglege verksemda. Leiaren for Sametingsrådet er sametingspresidenten, som blir utpeikt av Sametinget. Presidenten vel sjølv kven som skal vere medlemmer i Sametingsrådet.

Valordning

Representantane til Sametinget blir valde frå valkrinsar over heile landet. Det skal veljast 39 representantar til Sametinget, og valet blir gjennomført i ei rekkje kommunar over heile landet. Det er sju valkrinsar. Dei fleste av desse krinsane ligg i Nord-Noreg, og så er det ein sørsamisk valkrins i dei sørlege delane av Nordland, i trøndelagsfylka og i dei nordlege delane av Hedmark. Valkrinsen Sør-Noreg omfattar resten av fylka i Noreg. Her kan ein røyste i kommunar som Lørenskog, Bergen, Drammen og Oslo.[1]

Valet er basert på forholdstalsval. Det vil seie at mandata til Sametinget blir fordelte mellom vallistene ut frå røystetalet for dei ulike listene. Dette er den same ordninga som vi har ved stortingsvalet.

Kven kan røyste?

Det viktigaste for å kunne røyste ved sametingsvalet er at ein står oppført i valmanntalet for Sametinget. Ein må søkje om å bli innført i valmanntalet dersom ein ikkje var registrert der før 2001. Samar med norsk statsborgarskap, og som fyller 18 år i løpet av valåret, har røysterett. Det same har svenske og finske samar dersom dei er registrete i folkeregisteret i Noreg per 1. juli i valåret. Også samar som ikkje er nordiske statsborgarar, men som har vore registrerte i folkeregisteret i Noreg dei siste tre åra, kan røyste. Men alle må vere innførte i valmanntalet.

Per 1. juli 2013 var det nærmare 15 000 som hadde røysterett ved sametingsvalet.

Kven kan ein røyste på?

Ein kan røyste på dei partia og listene som er godkjende i dei ulike valkrinsane. Fleire av partia kjenner vi frå politikken elles, til dømes Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet. Men det er òg andre som stiller lister, med program som er meir spesifikke for samisk politikk. Det gjeld mellom anna Norske Samers Riksforbund, Árja og Samefolkets parti.

Du kan lese meir om sametingsvalet på Sametinget.no

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 14.08.2017

Læringsressursar

Det norske demokratiet