Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Parlamentarisme og maktfordeling

Frå 1884 har vi hatt eit parlamentarisk system i Noreg. Kva har det gjort med maktfordelinga mellom Storting og Regjering?
Kongen, stortinget og domstol. Illustrasjon.

I Noreg har vi frå 1814 følgt maktfordelingsprinsippet og fordelt statsmakta på tre institusjonar:

  • den lovgivande makta – Stortinget
  • den utøvande makta – Regjeringa
  • den dømmande makta – domstolane

Desse institusjonane skulle i stor grad vere uavhengige av kvarandre, men sidan 1884 Noreg hatt eit system der regjeringa heile tida har vore avhengig av støtte frå Stortinget. Dette er kjernen i parlamentarismen.

  1. Kva er fordelane med å fordele makta på tre institusjonar?
  2. Undersøk: Kvifor oppstod behovet for eit parlamentarisk system på slutten av 1800-talet?
  3. Drøft éin av påstandane:
    1. Parlamentarismen gjer Noreg meir demokratisk.
    2. Det er viktig for demokratiet at Stortinget har mest makt.
    3. Innføringa av parlamentarismen i 1884 førte til ei svekking av maktfordelinga.

Relatert innhald

Kva betyr det at vi har eit parlamentarisk system i Noreg? Korleis fungerer det i praksis?

Filosofen Montesquieu hevdar at den som har makt, er tilbøyeleg til å misbruke henne. Derfor bør makta i eit samfunn fordelast på fleire.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020

Læringsressursar

Det norske demokratiet