Hopp til innhald

Fagstoff

Kommunane

Vi bur alle i ein kommune og er dagleg avhengig av tenestene kommunen gir oss. Du tar kanskje bussen til skulen og er der heile dagen, trenar i idrettslaget, fjernar gipsen hos fastlegen og besøker mormor på sjukeheimen.
Ti ulike kommunevåpen. Grafikk.

Frå 2020 har vi 356 kommunar i Noreg. Kommunane i dei nordiske landa har eit større ansvar for den offentlege politikken enn i mange andre europeiske land, blant anna velferdspolitikken. Dessutan utøver kommunane ein stor grad av lokalt sjølvstyre. Dermed har kommunane ansvaret for ein større del av dei offentlege utgiftene. Dette lokale sjølvstyret har vi hatt sidan 1837, då blei vedtekne av Stortinget.

Generalistkommunar

Dei norske kommunane er det vi kallar for generalistkommunar. Det vil seie at alle kommunar skal tilby dei same tenestene med same kvalitet uavhengig av innbyggartal, storleik, busettingsstruktur og liknande.

Dette generalistkommunesystemet var utgangspunktet for kommunereforma som blei gjennomført mellom 2014 og 2020. 119 av kommunane blei slegne saman til 47 nye kommunar. Tanken er at større kommunar skal ha betre kapasitet til å gi innbyggarane sine gode tenester. Dette kan vere vanskeleg å oppfylle for små kommunar. Ein måte å løyse dette på, er interkommunalt samarbeid; Små kommunar samarbeidaer om tenester på tvers av kommunegrensene.

Kommunen sine oppgåver

Kommunen sin oppgåve er å arbeide for interessene til dei som bur der, han skal ta seg av dei nære oppgåvene. Tanken bak dette lokaldemokratiet er at dei som bur i den enkelte kommunen, kjenner dei lokale problema best og veit korleis de skal løysast.

Kommunane har ansvar for ulike lokale tenester innanfor utdanning, helse og sosial, samferdsel og tekniske oppgåver, kultur og fritid. Meir detaljert fordeling av oppgåver kan du lese i artikkelen om styringsnivåa.

Relatert innhald

Kva er oppgåvene til dei tre styringsnivåa i Noreg – stat, fylkeskommune og kommune?

Kommunane sine inntekter

Kvar får kommunane inntektene sine frå? Det er i hovudsak tre grupper av inntekter:

  • frie inntekter
  • kommunale avgifter
  • øyremerkte tilskot

Dei frie inntektene er skatteinntekter og rammetilskot frå staten. Desse inntektene kan kommunane fritt disponere utan føringar frå staten. I 2019 utgjorde dei frie inntektene mellom 75 % og 80 % av inntektene.

Rammetilskotet frå staten skal jamne ut dei økonomiske forskjellane mellom kommunane og sikre likt tenestetilbod i heile landet. Skatteinntektene i kommunane kjem frå personskatt og eigedomsskatt. Ikkje alle kommunar har eigedomsskatt, og mange stader har spørsmålet om eigedomsskatt vore svært omdiskutert.

Undersøk: Har din kommune eigedomsskatt?

Dei kommunale avgiftene kjem frå ulike typar kommunale tenester. Dei skal berre dekke dei reelle utgiftene til tenestene. Det er usemje mellom dei politiske partia om det statlege tilskotet skal vere frie middel eller øyremerkte tilskot, det vil seie pengar som skal gå til føremål som er bestemt av staten. Frp har dei siste åra vore det partiet som har gått lengst i kravet om øyremerkte tilskot.

Formannskapsmodellen

Kommunestyret eller bystyret er det øvste politiske organet i kommunen. Kvart fjerde år er det lokalval. Den øvste politiske leiaren i kommunen er ordføraren. Dei fleste kommunane blir styrte etter formannskapsmodellen. Det vil seie at minst fem av kommunestyret sine representantar utgjer eit arbeidsutval som heiter formannskapet, og som blir fordelt representativt. Desse sit heile valperioden.

Administrasjonen i kommunen blir leia av ein rådmann. Rådmannen er ikkje politisk vald, men tilsett i kommunen, og det er eit klart skilje mellom politikarar og administrasjon. Politikarane har dermed eit avgrensa ansvar for kvaliteten og gjennomføringa av kommunen sine tenester.

Den parlamentariske modellen

Kommunelova av 1992 opna for at kommunane kunne styre etter ein parlamentarisk modell. Fleire av dei store kommunane har valt denne modellen. Her blir kommunen styrt av eit råd som består av representantar frå fleirtalet i kommunestyret. Byrådet blir leia av ein byrådsleiar, som blir ein slags "statsminister".

I denne modellen vil byrådet vere ansvarleg for å drifte administrasjonen. Dei vil då ha det totale ansvaret for saksførebuingar og gjennomføringa av bystyret sine vedtak. Byrådet er som sagt avhengig av støtte frå eit fleirtal i bystyret og kan dermed risikere å måtte gå av i løpet av valperioden viss dei mistar fleirtalet. Vi kjenner igjen dette prinsippet frå forholdet mellom dei statlege styringsorgana Stortinget og Regjeringa. Ordføraren si rolle svarer stortingspresidenten si rolle.

Undersøk: Blir din kommune styrt etter formannskapsmodellen eller den parlamentariske modellen?

Relatert innhald

Kva er ein fylkeskommune? Kva er oppgåvene til fylkeskommunen?

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal, Jan-Arve Overland og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2020

Læringsressursar

Det norske demokratiet