Hopp til innhald
Fagartikkel

Kommunestyre- og fylkestingsval

Val av representantar til kommunestyre og fylkesting blir haldne kvart fjerde år. Kvar kommune og kvart fylke dannar ein valkrins.

Det er Kongen som fastset valdagen til ein måndag i september, vanlegvis i løpet av dei to første vekene av månaden. Valperioden er altså fire år, og val av kommunestyre og fylkesting blir haldne samstundes og midtvegs i stortingsperioden.

Kommunestyret/fylkestinget fastset sjølve talet på representantar innanfor minimumskrav som er bestemde i lov, og i høve til innbyggjartalet i kommunen/fylket. Reglane er tekne inn i kommunelova. Ofte blir kommune- og fylkestingsval berre kalla for lokalval.

Lister

Alle dei norske politiske partia kan stille lister i alle kommunane og fylka i landet. Det er også mogleg for tverrpolitiske grupper eller andre som ikkje høyrer til eit parti, å stille med valliste, men dette krev ei viss mengd underskrifter. Ved fylkestingsval må listeforslaget vere underskrive av minst 500 personar med røysterett i fylket ved det aktuelle valet. Ved kommunestyreval må listeforslaget vere underskrive av 2 % av dei med røysterett i kommunen ved siste kommuneval.

Ved kommunevalet i 2023 stilte 53 300 personar til val. Av desse var 23 260 kvinner. Kvinnedelen er omtrent uendra sidan vala i 2015 og 2019.

Mellom dei største partia er Sosialistisk Venstreparti (SV) partiet med størst del kvinner på listene, med 56 prosent kvinner. Raudt, Miljøpartiet dei Grøne og Arbeidarpartiet ligg rundt 50 prosent. Framstegspartiet har lågast kvinnedel med 27 prosent.

Røysterett

For å røyste ved kommunestyre- og fylkestingsval må du fylle 18 år i løpet av valåret og vere registrert i manntalet i kommunen der du bur. Alle nordiske statsborgarar (frå Sverige, Island, Danmark og Finland) har røysterett dersom dei er registrerte som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret. I tillegg til norske statsborgarar kan innvandrarar som har budd i Noreg samanhengande i tre år, røyste ved desse vala.

Når du røystar ved lokalvala, har du høve til å påverke kven som blir vald, ved å endre på listene. Det kan du gjere ved å gi ei tilleggsrøyst til ein kandidat som står på lista, og/eller føre opp personar som står på andre lister (såkalla slengarar). Det er gjerne i dei små kommunane der folk ofte kjenner betre til kandidatane, at det blir endra mest på listene. Veljarar med minoritetsbakgrunn er også svært aktive med røystesetelen.

Oppmøte

Vanlegvis er det ein god del færre som røystar ved lokalval enn ved stortingsval. Vi seier ofte at heimesitjarane er det største partiet. Ved valet i 2023 var det 62,2 prosent av dei med røysterett som røysta. Valdeltakinga blant innvandrarar er lågare enn i resten av folket. Ved lokalvalet i 2019 røysta 45 prosent av norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn og 32 prosent av dei utanlandske statsborgarane med røysterett.

Kjelder

Kleven, Ø. & Risberg, T. (2023, 3. juli). Litt færre kvinner blant kandidatene. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/valg/kommunestyre-og-fylkestingsvalg/statistikk/kommunestyre-og-fylkestingsvalget-kandidater-og-representanter/artikler/litt-faerre-kvinner-blant-kandidatene

NOU 2004: 25. (2004) Penger teller, men stemmer avgjør Om partifinansiering, åpenhet og partipolitisk fjernsynsreklame. Kommunal- og distriktsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2004-25/id388330/?ch=1

NTB. (2023, 12. september). Valgdeltagelse på 62,2 prosent i kommunevalget. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/norge/politikk/i/bg4BBB/siste-nytt-om-kommunevalget-2023?pinnedEntry=85266

Statistisk sentralbyrå. (2022, 17. oktober). Innvandrere og kommunestyrevalget 2019. https://www.ssb.no/valg/kommunestyre-og-fylkestingsvalg/artikler/innvandrere-og-kommunestyrevalget-2019

Relatert innhald