Hopp til innhald

Fagstoff

Parlamentarisme

Visste du at regjeringa må gå av om Stortinget ikkje har tillit til ho? I Noreg har vi parlamentarisme, eit system som gir parlamentet makt til å avsetje regjeringa.

Ordet parlamentarisme er avleidd av parlament som betyr nasjonalforsamling. Stortinget er Noregs nasjonalforsamling og har ei framtredande rolle i det parlamentariske systemet vårt. Regjeringa må nemleg ha tillit hos fleirtalet i Stortinget for å kunne styre.

Regjeringa utgår frå Stortinget. Kvart fjerde år blir det halde stortingsval. Då vel folket dei 169 representantane som skal sitje på Stortinget. Det er samansetjinga av Stortinget og storleiken til partia som avgjer kva for regjering vi får.

Forhandlar om regjering etter valet

I Noreg er det lenge sidan eitt parti aleine hadde fleirtalet av seta på Stortinget. Derfor må som regel fleire parti samarbeide og danne såkalla koalisjonsregjering. Ofte har partia på førehand laga avtalar om moglege samarbeid for å danna regjering, men det er først når valresultatet er klart at forhandlingane mellom partia byrjar.

Når eit styringsdyktig regjeringsalternativ er klart, utpeikar statsministeren regjeringa si med statsrådar og ministrar. Ein stortingsrepresentant som går inn i regjering må forlate setet sitt i Stortinget og blir erstatta av ein vararepresentant frå eige parti og eige valdistrikt. Ingen kan sitje både i regjering og på Stortinget. Dette heng saman med maktfordelinga i Noreg og er sentralt for å forstå korleis norsk parlamentarisme og forholdet mellom storting og regjering fungerer.

Fleirtalsregjeringar

Ei fleirtalsregjering er kjenneteikna ved at ho er sett saman av parti som har fleirtalet, det vil seie minst 85 av seta i Stortinget. Jens Stoltenbergs andre regjering, sett saman av Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet (2005–2013), er eit døme på ei slik regjering. Som fleirtalsregjering trong ho berre røystene til sine eigne partifellar i Stortinget for å få vedteke framlegga sine.

Fleirtalsregjeringar kan altså vere nesten sikre på at framlegga deira får fleirtal i Stortinget. I periodar med fleirtalsregjeringar ligg derfor mykje av makta hos regjeringa, mens Stortinget ofte berre justerer litt på framlegga. Det betyr likevel ikkje at opposisjonen på Stortinget ikkje har makt. Også i periodar med fleirtalsregjeringar er ei av dei viktigaste oppgåvene til Stortinget å kontrollere at regjeringa – som den iverksetjande makta – følgjer opp vedtaka i Stortinget.

Mindretalsregjeringar

Men regjeringspartia treng ikkje å ha fleirtalet av seta i Stortinget. Eit mindretal kan òg vere utgangspunktet for ei regjering, så lenge dette mindretalet ikkje har fleirtalet mot seg. Ei slik regjering kallar vi ei mindretalsregjering.

Erna Solbergs regjering (frå 2013) er ei mindretalsregjering. I starten var berre Høgre og Framstegspartiet med i ho, men i 2018 blei òg Venstre med. Til saman har dei tre regjeringspartia berre 80 representantar på Stortinget etter valet i 2017. Dei er derfor avhengige av støtte frå andre parti for å oppnå minimum 85 røyster og sikra fleirtal for framlegga sine.

Mistillitsframlegg som pressmiddel

Både storting og regjering har pressmiddel dei kan bruke overfor den andre parten. Mistillitsframlegg er det sterkaste pressmiddelet Stortinget har og kan brukast dersom Stortinget ikkje har tillit til den sitjande regjeringa.

Eit mistillitsframlegg kan til dømes fremjast dersom Stortinget i kontrollarbeidet oppdagar at regjeringa har halde tilbake informasjon eller snakka usant for Stortinget. Om eit fleirtal i Stortinget røystar for eit slikt framlegg, må regjeringa gå av.

Fleirtal for mistillitsframlegg er sjeldan i Noreg og har ikkje skjedd sidan Gerhardsen-regjeringa måtte gå av i 1963. Men det skjer likevel frå tid til annan at opposisjonen truar med å fremje – eller fremjar – mistillitsframlegg. Med andre ord kan det fungere som pressmiddel endåtil når det ikkje leier til at ei regjering går av.

Kabinettsspørsmål og nyval

Kabinettsspørsmål er det sterkaste pressmiddelet regjeringa har overfor Stortinget. Når regjeringa stiller kabinettsspørsmål, stiller ho i verkelegheita eit ultimatum og truar Stortinget med å gå av dersom ho ikkje får fleirtal i ei bestemt sak. I år 2000 måtte Bondevik-regjeringa gå av etter at den mislykkast med å få støtte frå stortingsfleirtalet i eit kabinettsspørsmål om gasskraft.

Dersom ei regjering går av som følgje av mistillitsframlegg eller kabinettsspørsmål, må ei ny regjering skipast av det sitjande storting. For ulikt mange andre land gir ikkje den norske Grunnlova rom for å løyse opp parlamentet og skrive ut nyval mellom dei ordinære stortingsvala.

Det er slett ikkje alltid opposisjonen ønskjer å ta over regjeringsmakta midt i ein stortingsperiode. I somme tilfelle kan dette bidra til at stortingsfleirtalet lèt ei regjering sitje. Å stille mistillitsframlegg eller kabinettsspørsmål er likevel ein stor sjanse å ta.

Kjelde

Stortinget (2020). Parlamentarisme i praksis. Henta frå https://www.stortinget.no/nn/om-stortinget/stortinget-undervisning/vidaregaande-skule/parlamentarisme-og-maktfordeling/parlamentarisme-i-praksis/.

Relatert innhald

Stortinget er Noregs nasjonalforsamling og det øvste folkevalde organet vårt.

Etter eit stortingsval er det formelt sett kongen som peiker ut kven som skal danne regjering.

CC BY-NC-NDRettshavar: Stortinget
Sist fagleg oppdatert 17.03.2020

Læringsressursar

Det norske demokratiet