Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Regjeringa og Stortinget

Kva er forskjellen på Regjeringa og Stortinget? Kven er det eigentleg som bestemmer?
Erna Solberg på veg opp til talarstolen på Stortinget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Finn ut: Kva er Stortinget sine oppgåver?
  2. Finn ut: Kva er Regjeringa sine oppgåver?
  3. Finn ut: Korleis blir ei lov til? Beskriv saksgangen frå forslag og til lova er vedteken og teken i bruk.
  4. Forklar med eigne ord kva som er forskjellen mellom Regjeringa og Stortinget.
  5. I januar 2020 gjekk Framstegspartiet ut av regjeringa Solberg. Då gjekk vi frå å ha ei til ei . Kva tyding har dette for maktforholdet mellom Stortinget og Regjeringa?
  6. Kven har mest makt: Stortinget eller Regjeringa? Diskuter i klassen eller med ein medelev.
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020

Læringsressursar

Det norske demokratiet