Styringsnivåa - Samfunnskunnskap - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Styringsnivåa

Noreg blir styrt av staten, fylka og kommunane. Men kven har ansvaret for kva?

Tre styringsnivå

I Noreg har vi tre styringsnivå:

  1. Staten
  2. Fylkeskommunane
  3. Kommunane

Staten består av Stortinget, regjeringa og og er det nasjonale styringsorganet. Fylkeskommunane utgjer dei regionale styringsorgana, medan kommunane kallar vi for dei lokale styringsorgana.

Staten har hovudansvar for politikk og lovgiving på alle område, men har delegert styresmakta på ein del område til dei regionale og lokale styringsorgana. I tabellen under ser du ei oversikt over oppgåvene kommunane og fylka har fått delegerte. Oppgåvene til staten på dei ulike områda er svært mange, så her har vi berre ført opp nokre døme.

Område

Kommune

Fylke

Stat

Utdanning

Barnehage

Grunnskule

Skulefritidsordning

Spesialundervisning for funksjonshemma

Vidaregåande skule

Voksenopplæring

Læreplanar

Statens lånekasse for utdanning

Universitet

Høgskular

Helse og sosial

Allmennlegeteneste

Legevakt

Skulehelseteneste

Jordmorteneste

Heimehjelp og heimesjukepleie

Alders- og sjukeheim

Barnevern

Sosialhjelp (NAV)

Tannhelseteneste

Integrering av innvandrarar gjennom m.a. opplæring, sysselsetjing og førebygging av negativ sosial kontroll.

Sjukehus

Arbeid, trygd og pensjon (NAV)

Samferdsel og tekniske oppgåver

Lokale vegar

Vatn, kloakk og renovasjon

Brann- og feiarvesen

Forvaltning og planstyresmakt

Lokalt miljøvern

Fylkesvegar

Vegvesenet

Skuleskyss

Trafikktryggleiksarbeid

Riksvegar

Europavegar

Jernbane

Luftfart

Kystverket

Post

Straumnettet

Statens kartverk

Kultur og fritid

Kyrkjer og kyrkjegardar

Fritidsklubbar

Folkebiblioteket

Fylkesbibliotek

Kulturminne

Nasjonalbiblioteket

NRK

Nationaltheatret

Den Norske Opera og Ballett

Næringsliv og landbruk

Ønsker som regel å legge til rette for næringsutvikling, men har ingen lovpålagte oppgåver.

Etablerartilskot

Set rammer for og gir tilskot til:

næringslivet

fiskeri

landbruk

Driv statlege verksemder, t.d.:

Statskog

Statkraft

Enova

Mesta

Equinor (67% statleg)

Telenor (54% statleg)

Andre oppgåver

Lagar lover

Utanrikspolitikk

Forsvar

Politi

Domstolar

Arbeidstilsynet

Mattilsynet

Skatteetaten

Bistand

Klimapolitikk

Miljøvern

Relatert innhald

Fagstoff
Kommunane

Kva har kommunen ansvar for? Korleis blir ein kommune styrt? Korleis får kommunene inntekter?

Fagstoff
Fylkeskommunane

Kva er ein fylkeskommune? Kva er oppgåvene til fylkeskommunen?

Skrive av Leonhard Vårdal, Jan-Arve Overland og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2020