Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stortingsrepresentantane

Kven er representantene på Stortinget, og kva gjer dei?
Stortinget mai 2020. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Ta utgangspunkt i denne kjelda:

Stortinget.no: Representanter og komiteer

  1. Finn ut kva stortingsrepresentantane frå ditt eige valdistrikt heiter.
  2. Kva for parti kjem dei frå, og kva komitear sit dei i?

Oppgåve 2

Vel deg ein representant frå ditt valdistrikt som du vil undersøkje nærare. Klikk deg inn på representanten sitt namn. Under kontaktinformasjonen ligg lenkja "Finn representantens talerinnlegg". Klikk deg inn der og vel ei sak du synest ser interessant ut. Sjå representanten sitt innlegg i saka eller les referatet.

  1. Kva går saka ut på?
  2. Kva meiner representanten i saka?
  3. Har saka noko spesiell tilknyting til valkrinsen representanten kjem frå?
  4. Kva betydning har representanten si partitilhøyrsle og ideologi i saka, trur du?

Oppgåve 3

Stortingsrepresentantane sender meir enn 1000 skriftlege spørsmål til statsrådane i løpet av ein stortingssesjon. I dette registeret finn du eit oversyn over skriftlege spørsmål til statsrådane frå stortingsrepresentantane og svara dei fekk: Stortinget.no: Skriftlige spørsmål og svar.

  1. Finn dei spørsmåla som er stilte til kunnskapsministeren, og finn ut kva for nokre og kor mange som handlar om vidaregåande utdanning.
  2. Vel ut nokre av spørsmåla om vidaregåande utdanning og finn ut kva statsråden svarte. Kva meiner du i denne saka?

Relatert innhald

Stortinget er Noregs nasjonalforsamling og det øvste folkevalde organet vårt.

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020

Læringsressursar

Det norske demokratiet