Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Noreg vs. utlandet

Noreg er eit av dei rikaste landa i verda og blir ofte kåra til eit av dei beste landa å bu i. Korleis har det vorte slik? Ved å samanlikne med andre kan vi både lære meir om oss sjølv og om verda rundt oss.
Jordkloden med Noreg i raudt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om oppgåva

I arbeidet med denne oppgåva vil du komme inn på mange av dei sentrale områda i faget. Dette er ei oppgåve du bør jobbe med over lang tid. Mange av punkta i læreplanen handlar om Noreg og norske forhold. Gjennom å samanlikne Noreg med eit anna land som er annleis vil du få ei djupare forståing av det norske samfunnet, samstundes som du vil sjå at velferda og fridommen vår ikkje kan takast for gitt.

Du vil òg lære om globale utfordringar som menneskerettar, konfliktar, forskjell og berekraft. Du får moglegheita til å få ei djupare og meir konkret forståing for eit framandt land, eller kanskje eit land du har eit forhold til frå før. Ei slik innsikt er det vanskeleg å få når ein generaliserer og snakkar om "dei fattige landa", nyindustrialiserte land, Midtausten, Sør-Amerika eller Afrika sør for Sahara.

Oppgåva kan brukast til vurdering og kan vise kompetanse i store delar av læreplanen. Læraren kan justere omfanget av oppgåva ved å bestemme kor lang tid de skal bruke, kor langt de skal skrive eller kor lang presentasjonen skal vere, og ved å ta bort punkt frå lista under.

Førebuingar

Vel eit land som du tenkjer er ganske annleis enn Noreg på mange måtar.

Sett deg godt inn i følgjande sider ved Noreg og det landet du har valt:

  • næringsgrunnlag
  • styreform
  • ideologiske motsetningar
  • interne konfliktar
  • økonomisk modell
  • organisering av arbeidsliv
  • velferd
  • sosial forskjell
  • levestandard og livskvalitet
  • menneskerettar
  • berekraftig utvikling

Ta notat undervegs og ta vare på alle kjelder du bruker, slik at du kan finne tilbake til dei og leggje dei i kjeldelista.

Husk å vere kritisk til kva kjelder du vel. Bruke gjerne TONE-strategien i lenka under.

Relatert innhald

Produkt

Arbeidet bør resultere i ein lengre tekst eller ein presentasjon der du fokuserer på:

  • samanlikning av dei to landa på dei ulike punkta
  • årsaker til likskapar og forskjellar
  • samanhengar mellom dei ulike punkta
  • kan landa lære noko av kvarandre?

Du bør avslutte med ein konklusjon eller oppsummering.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2020

Læringsressursar

Det norske demokratiet