Hopp til innhald

Fagstoff

Rettsstaten Noreg

Noreg er ein rettsstat. Det vil seie at staten blir styrt etter lover og reglar, ikkje ut frå kva mektige personar meiner, slik det var då Noreg hadde eineveldige kongar. Vi seier gjerne at vi har tre statsmakter: Stortinget, regjeringa og domstolane.
Rettssal i Borgarting lagmannsrett. En person står med lovboken foran seg. Ellers er rettssalen tom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stortinget bestemmer korleise lovene skal vere. Regjeringa syter for at lovene blir sette i verk. Og domstolane bruker lovene når dei dømmer i saker.

Rettsstaten er blitt til over ein lang tidsperiode. Før 1814 var den danske kongen eineveldig både i Danmark og Noreg. Han bestemte i detalj kva som var rett og gale i samfunnet. Den som ønskte å skilje seg (rett nok svært sjeldan på den tida), måtte skrive til kongen i København, som personleg avgjorde saka. Rettsstatsprinsippet blei innført med Grunnlova i 1814.

Poenget med lover er å trekkje grensa mellom det som er godteke, og det som ikkje er ønskjeleg i eit samfunn. Men lovene endrar seg stadig, i takt med utviklinga i samfunnet. Noko som før var ulovleg, kan no bli sedd på som greitt, og omvendt. Fram til 1972 var det til dømes kriminelt å ha sex med ein person av same kjønn. I dag ville ingen politikarar, uansett partitilhøyrsel, ha funne på å fremje eit slikt lovforslag. Motsett veg har det gått med foreldra sin rett til å straffe eigne barn fysisk. Det var lenge sett på som ei privatsak, før lovverket i fleire rundar blei stramma inn, til fullt forbod i 1970- og 80-åra.

Prinsipp i den norske rettsstaten

I ein rettsstat kan ingen bli dømde utan at dommen er forankra i gjeldande lov. Dette er viktige punkt i møtet med rettssystemet:

  • Likskap for lova er det grunnleggjande prinsippet. Anten du er 20 eller 70 år, anten du er fødd i Thailand eller Nordland, anten du er mann eller kvinne, har du dei same rettane. Rettssystemet skal behandle alle likt.
  • Lover kan ikkje ha tilbakeverkande kraft. Du kan altså ikkje dømmast etter ei lov som ikkje fanst på det tidspunktet du blei skulda for noko.
  • Den tiltalte i ei rettssak skal reknast som uskuldig inntil vedkomande er dømd skuldig.
  • Blir du sett i varetekt av politiet, skal du framstillast for ein domstol før det har gått 24 timar.
  • Dersom du blir sikta for noko kriminelt, har du krav på å få ein forsvarar som blir betalt av det offentlege.
CC BY-SASkrive av Clemens Saers. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 12.12.2018

Læringsressursar

Det norske demokratiet