Hopp til innhald

Fagstoff

Maktfordeling

Prinsippet om maktfordeling i eit samfunn blei lansert av statsrettsfilosofen Montesquieu. Utgangspunktet hans var at den som har makt, er tilbøyeleg til å misbruke henne. Det er derfor viktig å ha innebygde mekanismar som hindrar maktmisbruk.
Kongen, stortinget og domstol. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I 1748 føreslo Montesquieu ei tredeling av statsmakta, der dei ulike statsmaktene skulle operere uavhengig av kvarandre og hindre kvarandre i maktmisbruk.

Lovgivande, utøvande og dømmande makt

Dei tre statsmaktene han tenkte på, var:

  • den lovgivande makta – som i Noreg er Stortinget
  • den utøvande makta – som i Noreg er regjeringa
  • den dømmande makta – som i Noreg er domstolane

Denne tredelinga spelte ei stor rolle då grunnlova vår vart utarbeidd i 1814. Men då parlamentarismen vart innført i Noreg i 1884, vart den utøvande makta gjord direkte avhengig av den lovgivande, som er Stortinget. Regjeringa må ha tilliten til stortingsfleirtalet for å kunne styre.

Vi har altså ikkje lenger tre uavhengige statsmakter. Men vi har framleis eit system der makt stansar makt, eller balanserer makt. Den dømmande makta har for eksempel høve til å stille den utøvande makta for riksrett, dersom lova ikkje blir følgd.

Den fjerde statsmakta

Pressa (media) er ein maktfaktor i samfunnet som har vakse fram etter Montesquieu si tid. Og media er naturlegvis ikkje ei eigentleg statsmakt, fordi media blir drivne uavhengig av staten. Men media har likevel stor makt i offentlegheita, fordi dei er så viktige for at demokratiet vårt skal fungere.

Media er også ei viktig «motmakt» mot andre typar makt i samfunnet, fordi media blant anna har som sjølvpålagd oppgåve å avsløre maktmisbruk. Derfor blir media ofte kalla «den fjerde statsmakta».

CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2020

Læringsressursar

Det norske demokratiet