Hopp til innhald
Fagartikkel

Valdeltakinga

Røysteretten er ein politisk ressurs. Gjennom den kan du påverke samansetjinga av Stortinget og andre organ som er folkevalde. Han kan også indirekte gi deg innverknad. Men da må du bruke han.

Berre halvparten av førstegongsveljarane bruker i dag røysteretten sin. Det kan vere eit teikn på at den politiske interessa er lita mellom dei unge. Vi ser også at valdeltakinga totalt har gått gradvis ned dei siste 40 åra. Dette er ein tendens som vi finn i dei fleste vesteuropeiske landa.

Valdeltakinga har vore utjamnande over tid. I dag er det ingen skilnad på valdeltakinga mellom kvinner og menn, og det er liten skilnad mellom by og land. Men det er ein tendens til at dei med høg utdanning og høg inntekt har ei større valdeltaking enn dei med mindre utdanning og lågare inntekt.

Men mellom aldersgrupper har det vore lite utjamning. Valdeltakinga aukar med alderen, og her er det ein skilnad på heile 20 til 30 prosentpoeng mellom førstegongsveljarar og foreldregenerasjonen. Også norske statsborgarar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn har låg valdeltaking, særleg dei som har opphalde seg etter måten kort tid i Noreg. Ved stortingsvalet i 2013 var valdeltakinga deira heile 25 % lågare samanlikna med befolkninga i alt.

Det kan også vere av interesse å sjå litt nærmare på dei som ikkje bruker røysteretten sin og finne ut kvifor. Her er nokre moglege forklaringar:

  • Politikk er ikkje viktig for dei.
  • Dei politiske sakene som er oppe til debatt, vedkjem dei ikkje.
  • Det er få og uklare regjeringsalternativ.
  • Dei har ikkje tillit til politikarane.
  • Det er liten politisk skilnad mellom partia.
  • Dei politiske partia gjer lite for å fange merksemda til dei unge.

Relatert innhald

Fagstoff
Røysteretten

Kjem du til å bruke røysteretten din? Retten til å røyste er ulik i dei forskjellige vala, og han har endra seg mykje dei siste 120 åra.