Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fagartikkel om ein periode i stilhistoria

I denne oppgåva skal du bli kjend med ein periode i stilhistoria og presentere han i ein fagartikkel. Forklar kva som er typisk for perioden. Kan du sjå påverknad frå perioden i design- eller handverksyrka i notida? Bruk bilete og tekst til å skape ein god layout.

Arbeidsprosess

  1. Vel ein periode i stilhistoria.
  2. Set deg inn i perioden du har valt: Kva kjenneteiknar han? Kan du sjå samanhengar mellom perioden du har valt, og yrke og materialbruk innanfor design og handverk i dag?
  3. Lag nokre enkle skisser til layout på fagartikkelen din. Tenk på å skape balanse når du skal plassere titlar, bilete og brødtekst.
  4. Lag sjølve fagartikkelen digitalt. Bruk A3-format. Teksten skal ha ei hovudoverskrift, ei underoverskrift, ein ingress, ein brødtekst og minimum tre bilete som viser kjenneteikn på perioden du har valt. Hugs å føre kjeldene dine.

Innlevering og vurdering av

  • skisse på layout
  • ferdig fagartikkel om stilperioden du har valt
  • eigenvurdering (vurder innhald, layout og heilskap i arbeidet ditt)

Relatert innhald

Designarar og handverkarar bør kjenne til utviklinga av faget sitt. Stilhistorie kan også inspirere til nyskaping.

Ei innføring i kva layout er, og korleis ein skaper samanheng mellom dei ulike elementa i ein layout.

CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 30.07.2020

Læringsressursar

Stilhistorie