Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rekonstruer eit kunstverk

Det einaste du treng er eit stykke kunst og din eigen fantasi.
Nylaging av kunstverket Pike med perleøredobb av Johannes Vermeer. Måleri og foto av samme motiv, men i måleriet er dei ei kvinne og i fotoet ein mann.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rekonstruer eit kunstverk

I dette oppdraget skal du finne eit verk frå kunsthistoria og lage din eigen versjon. Nylaginga di bør vere mest mogleg lik originalen, men det er lov å spele på humor eller andre verkemiddel.

For å få inspirasjon kan du søkje på “art remake” på internett. Du finn òg døme på kreative nylagingar under emneknaggane #betweenartandquarantine og #tussenkunstenquarantine. På norsk betyr emneknaggen "mellom kunst og karantene". Desse bileta vart skapte våren 2020 av folk som kjeda seg heime under Korona-pandemien.

Foto av måleriet Judith og tjenestekvinnen med Holofernes' hode. Hovudet ligg i ei korg, mens kvinnene ser etter noko.
Dame sit i ein stol i eit mørkt rom. Foto av måleriet Blått interiør av kunstnaren Harriet Backer.

Yrkesrett

Vel er kunstverk der motivet er knytt til det valde yrket ditt eller interesseområde. Det kan vere eit kunstverk med ein gjenstand du ønskjer å rekonstruere, som ei krukke i keramikk, eit hovudplagg eller eit klesplagg i tekstil. Kanskje finn du ein spennande gjenstand i tre eller metall du ønskjer å etterlikne, eller du kan rekonstruere eit heilt interiør eller miljø? Det kan du gjere ved hjelp av møblar, gjenstandar og tekstil, eller du kan lage ein miniatyr i modell. Bruk digitale verktøy til hjelp i arbeidet. Du kan rekonstruere ein bukett frå eit stilleben eller kopiere ein frisyre frå eit portrett.

Vase med blomstrar i. Skjel og bøker på eit bord. Foto av måleriet Stilleben med blomster av Knud Bergslien.

Arbeidsprosess

  • Finn ut kva kunstverk du vil rekonstruere.
  • Planlegg opptak. Kvar kan du ta biletet? Kva treng du av rekvisittar? Treng du ein modell? Studer kunstverket nøye!
  • Fotografer. Pass på at du får same biletutsnitt, vinkel, lys og fargar i din eigen variant.
  • Rediger biletet i eit passande biletbehandlingsprogram.
  • Presenter nyskapinga di ved sida av originalen, slik som i døma på bileta.

Nyttige kjelder

Mange museum og galleri har gode kunstsamlingar på nett. Du kan til dømes sjekke ut desse nettsamlingane:

Samlinga på Nasjonalmuseet

Rijksmuseum i Nederland


To menn og ei dame ser på eple og pærer i lufta. Ein held ei høne. Måleri og foto med same motiv.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Idéar til vidare arbeid

  • Undersøk den kunsthistoriske epoken som verket ditt stammar frå. Finn kjenneteikn på epoken, og vurder korleis kunstverket du valde passar inn i epoken. Presenter for klassen.
  • Lag ei utstilling av alle nylagingane til klassen. Inviter andre til opninga og hald ein vernissasje.
  • Samle bileta til klassen i ein emneknagg i sosiale medium, eller del bileta på nettsida til skulen, Facebook-profil og liknande. Hugs å be om lov på førehand!
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal og Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2020

Læringsressursar

Stilhistorie