Hopp til innhald

Fagstoff

Romansk stilhistorie

Nemninga "romansk" oppstod først på 1800-talet og blei brukt for å beskrive den førgotiske byggekunsten på 1000- og 1100-talet. Dei ustabile politiske og økonomiske forholda i Vest-Europa førde til vanskelege kår for kunsten.
Basilica Santa Croce, ei hvit kyrkje, med mange menneske framom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kunsten sin beskyttar

Jord var grunnlaget for rikdom i føydalsystemet i mellomalderen. Kyrkja blei ein stor jordeigar. I tillegg var gåver frå truande ei viktig inntekt for kyrkja. Mange pilegrimar reiste til heilage stader, som Roma i Italia og Santiago de Compostela i Nord-Spania. Der oppsøkte dei heilage gjenstandar i kyrkjene.

Relikviar er kroppsdelar eller gjenstandar som har tilhøyrt heilage personar. Mange meinte relikviane hadde lækjande kraft. Det blei viktig for kyrkjene å oppbevare dei trygt, samtidig som dei skulle vere tilgjengelege for pilegrimar. Relikviane blei lagde i helgenskrin. Ved desse skrina kom det inn offergåver. Inntekta gjorde at dei kunne byggje nye kyrkjer og byggje om på gamle. Kyrkja blei på denne måten kunstens største beskyttar. Kyrkjebygga blei utsmykka med måleri og tekstilar, og dei blei utstyrte med altar, lysestakar og korgitter av tre eller jern.

Baldisholteppet

Det finst få bevarte tekstilar i Europa som er daterte før 1200, og Baldisholteppe (1040–1190) er det einaste i Norden. Det er eit romansk veggteppe som er vove i gobelinteknikk. Teppet vart funne i 1879 då Baldishol kyrkje på Nes i Hedmark blei riven. Kunstnaren er ukjend. Frå 2022 er det utstilt som eit av hovudverka i Nasjonalmuseet.

Romanske kyrkjer

Stavkyrkje i norsk landskap med steinmur framom. Foto.

Det blei bygd to typar kyrkjer: basilikatypen, med sideskip og tretak, og martyriontypen, som hadde kvelva tak og var mykje mindre.

Basilikatypen var teken i bruk av dei første kristne i Roma, og den heldt seg stort sett uendra i det sentrale Italia og opp til den gotiske tida.

Martyrionkyrkja er ikkje så lett å kjenne att som basilikatypen, men utbreiinga svarer til utbreiinga av Romarriket på 400-talet. Det blei gjerne brukt mindre steinar frå distriktet, murstein eller tilskorne steinblokker. Dette gjorde at muraren blei meir ein steinhandverkar enn ein bilethoggar.

I Noreg har vi teke vare på ein spesiell type romanske kyrkjebygg i tre: stavkyrkjene. Stavkyrkjene representerer den mest avanserte typen trekonstruksjonar som var utbreidd i Nord-Europa i mellomalderen.

Av om lag 1300 stavkyrkjer finst det eit fåtal tilbake – i Noreg er det 28. Den eldste og mest spesielle av dei er Urnes stavkyrkje. Denne kyrkja er bygd i Luster i Sogn i 1130-åra. Den har ein rein romansk stil med bogar på søyler og bygningsdekor utvikla i Europa tidleg på 1100-talet, tilpassa norske handverkstradisjonar. I 1979 blei Urnes stavkyrkje sett på UNESCO si liste over verdsarvstader.

I Gamle Aker kyrkje i Oslo har vi også eit einaste døme på ei romansk steinkyrkje av basilikatypen. Den romanske stilarten blir også kalla rundbogestil.

Gullsmedhandverk

Ei kule i gull med eit kors oppå, som er dekorert med edelsteinar. Foto.

Også det romanske gullsmedhandverket var først knytt til behova til kyrkja, men kunnskapane blei gradvis overførde til verdslege gullsmedar.

Handverksmeistrar gjekk saman i laug for å ta vare på faglege, politiske og økonomiske interesser. Gullsmedane i London etablerte eit laug i 1180. Her var juveleren og gullsmeden same person. Bruken av smykke må ha auka mot slutten av den romanske stilperioden. Framleis var gull det mest prestisjefylte materialet. Men krossfararane førde med seg mykje nytt materiale til smykke frå Konstantinopel. Edelsteinar blei ikkje berre brukte på grunn av venleiken sin. Ulike edelsteinar kunne også verne den som bar dei mot ulike sjukdommar og andre skadar. Pyntegjenstandane kunne også ha praktisk nytte, som belte, brosjer og signetringar.

Romanske møblar

Møblane som blei laga i den romanske perioden, var mest for kyrkja og overklassen. Dei fattige klarte seg med ei svært enkelt samanspikra seng eller berre eit leie av halm på golvet. Dei hadde ei kiste til å lagre eigedelane sine i og ein planke, halden oppe av tre støttebein, som kunne brukast som matbord.

Det var helst tømmermannen som laga bord og benker. Dei få stolane som fanst i privat eige, var bygde opp av dreia stolpar eller stokkar. Dei hadde altså dreiebenkar på denne tida. Kyrkjemøblane, derimot, var svært forseggjorde og dekorerte med utskjeringar eller måleri etter mønster av romerske møblar. Bogar og kurver var den dominerande designen. I utskjeringane blei det brukt enkle dyre- og plantefigurar. Stolryggane kunne ofte avspegle kyrkjefasaden med to tårn. Men kyrkjelyden hadde ikkje noko å sitje på – folk stod under dei lange gudstenestene.

Altaret med ein trestol framom i Urnes stavkyrkje i Sogn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Den romanske stilperioden var samtidig med vikingtida, og dei viktigaste møblane vi kjenner frå Norden, er stolar og kister av tre. I Oseberg- og Gokstad-skipa fanst både stolar, senger og kostar.

Kistene ser uventa moderne ut med boltar og hengjelås. Ein vanleg stol hadde tre bein og eit "D"-forma sete. Det mest vanlege verkar å vere at to av beina var plasserte i kvart sitt hjørne i forkant, og det tredje midt på bogen i bakkant.

Tekstilproduksjon i Noreg

I Noreg var ull og vadmål dei mest vanlege tekstilane for å lage klede. Importerte stoff frå utlandet var berre for dei rike. Mennene hadde vanlegvis ein kort kjortel og langbrok då dei arbeidde. Dersom dei brukte ein lang kjortel, hadde dei lange strømper under, gjerne saman med ei kort underbukse.

Folk flest brukte ullvottar og ei hette som gjekk ned over skuldrene. Mektige menn bar i tillegg ei farga kappe og hanskar. Også kvinnene hadde ei kort underbukse og strømper. Utanpå brukte kvinnene ein kjortel. Dersom han var rett i snittet, brukte dei belte. Ytst bar kvinnene ei kappe. På hovudet kunne kvinnene ha eit skaut eller hovudlin.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 19.04.2022

Læringsressursar

Stilhistorie