Hopp til innhald

Fagstoff

Art Deco

Art deco var ei stilretning som prega Europa frå tidleg på 1920-talet. Den la vekt på det dekorative og brukte gjerne kostbare materiale. Typisk for perioden er glatte, straumlinja former og geometriske former og mønster.
Skulptur av det ikoniske bilmerket Chrysler oppå eit tak. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nemninga art deco fekk stilretninga frå verdsutstillinga i Paris 1925, som heitte ”Exposition des Arts Decoratifs et Industriels Modernes”. Stilretninga henta inspirasjon frå kubismen, dei strenge formene til Bauhaus-skulen og straumlinja former i moderne teknologi.

Samstundes finn vi ikon frå det fjerne austen, frå antikkens Hellas og Roma, frå Afrika, India og maya- og aztekarkulturen. Men kanskje var det fantastiske funnet av grava til kong Tut-Ankh-Amon i Egypt ei heilt avgjerande inspirasjonskjelde.

Pectoralsmykke i gull med raudt og blått mønster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stilretninga utvikla seg vidare frå art noveau. Mens art nouveau er kjend for mjuke sinuskurver og bølgjande rørsler, kunne art deco ha meir aggressive sikksakk-mønster. Somme tenkjer på art noveau som ein meir feminint prega stil. Art deco, med si dyrking av maskiner og teknologi, kan verke som meir maskulin. Stilen eksperimenterte friskt med materiale som metall, plastikk og glas, i tillegg til kostbare materiale som bronse, elfenbein og ibenholt.

"Luksus og dekadanse"

Empire State Building i froskeperspektiv. Foto.

Art deco blir ofte assosiert med luksus og dekadanse, dei gylne 20-åra då champagnen bobla der aksjespekulantane møttest. Stilen blei knytt til verdifulle møblar, klede og smykke. Typisk er det at dei store luksusbåtane "Ile de France" og "Normandie" blei designa i art deco.

Vi finn art deco i mange T-banestasjonar som blei bygde i forstadane til London på denne tida. Empire State- og Chrysler-bygningane i New York er to av fleire skyskraparar som er inspirerte av art deco. For ikkje å snakke om hovudkvarteret til den britiske etterretningsorganisasjonen M16 i London, bygt så seint som 1988–93.

Etter at byen Napier i New Zealand blei totalt øydelagd av eit jordskjelv i 1931, blei byen bygt opp igjen i gjennomført art deco-arkitektur.

Spora i norsk arkitektur etter art deco er mindre dominerande, men Studentersamfundet i Trondheim og Forum kino i Bergen er to døme.

Møbelproduksjon

Møblane i art deco-stilen er inspirerte både av louis seize-stilen og empire. Det blei lagt vekt på ein funksjonell stil prega av reinleik, abstraksjon og stilisering. Likevel må ein kunne påstå at art deco er ein overdådig stil, særleg i materialvalet. Treverk som macassar ebony, amboyna og rosewood var mykje brukt. Eksotiske materiale som perlemor, haiskinn, slangeskinn, elfenbein, knust og lakkert eggeskal, dessutan bladgull og bladsølv, blei ofte brukte til å dekorere møblane.

Nokre av dei fremste møbeldesignarane frå perioden var franskmannen Maurice Dufrene og irske Eileen Gray. I Noreg presenterte Harald Munthe-Kaas på Brukskunst Form og Farge-utstillinga i 1924 art deco-prega lenestolar og øyrelappstolar utforma med geometriske former og rette linjer.

Stol, bord og skåp i art deco-utforming. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Interessa for nytt materiale i kunsthandverket var stor på 1930-talet. Belgiaren Leo Baekeland fann opp plastmaterialet bakelitt, som hadde unike formbare eigenskapar. Den finske arkitekten og møbeldesignaren Alvar Aalto eksperimenterte med nye former for maskinbehandla tre.

Grafisk formgiving

Dansande menneske i eit rundt rom. Art deco-plakat frå 1921.

Også i plakatdesign var stikkorda forenkling og abstraksjon viktige. Art deco-plakatane var veldig fargerike, energiske, frodige og dramatiske. Plakatane skulle uttrykkje fart og kraft, og moderne teknologi var eit populært motiv, som raske bilar, tog i stor fart og elegante passasjerbåtar.

Den fremste plakatkunstnaren i art deco er franskmannen Paul Colin. Det blei ei fornya interesse for art deco innanfor grafisk formgiving i 1980-åra, prega av assosiasjonar til film noir og det glade livet i mellomkrigstida.

Alle Poirot-filmane etter Agatha Christies bøker om den belgiske detektiven er blitt spelt inn i art deco-stil. Den filmen som likevel står fram som den klassiske art deco-filmen, er Fritz Lang sin Metropolis frå 1927.

Klede og hårmote

Fire kvinner med knelange skjørt og hattar i art deco-stil. Illustrasjon.

Klesmoten i art deco dreidde seg først og fremst om korleis kvinnene skulle kle seg. Kleda skulle ha ei lang og flat form, med korte skjørt. Kvinnene skulle ha praktiske klede som det var lett å røre seg i.

Klesdesignaren Paul Poiret frigjorde kvinnene frå det tronge korsettet. Det blei i staden vanleg å bruke ein stram hoftehaldar og ein separat brysthaldar. Designet på kjolane var geometrisk og kantete. Kvinnene skulle ha ein gutaktig figur, der hofter og rumpe blei skjulte. Kvinnelege kurver var avskaffa. Rette linjer var det som prega kleda.

Eit av dei meir spesielle påfunna av Paul Poiret var det såkalte hobble-skjørtet. "Cloche"-hatten kom til under art deco-perioden, og kvinnene kunne også iføre seg eksotiske turbanar på hovudet. Håret skulle vere kort også for damene, og frisyren ble kalla "bob", det vil seie "guteklipp".

Smykkedesign

Art deco-handspegel og halskjede på ei bordflate. Foto.

Smykkekunsten eksploderte under art deco. Smykka blei vågale og leikne, ofte bygde opp av enkle geometriske former som kvadrat, sirklar, rektangel og trekantar. Materiala var gull, sølv, platina og smaragdar.

Basisformene i art deco-smykka er utvikla frå modellar frå før den første verdskrigen. Dei ermelause kjolane oppfordra til bruk av armband, som gjerne var geometrisk leddelte.

Brosjene var som regel små, og blei borne på skuldra eller som ei nål i beltet eller i hatten. Stilens mest karakteristiske brosjedesign bestod av ein sentral ring i onyx eller krystall, dekorert med ein diamantinnsett rombe (lozenge), eventuelt med ei søyle på kvar side. Andre former kunne vere stiliserte dyr, tre eller blomar.

Jean Depres er ein av dei mest kjende smykkedesignarane i denne perioden. Elles høyrer Cartier-brørne og huset Van Cleef & Appels til dei legendariske namna i smykkekunsten frå perioden.

Art deco i Noreg

Hvitt og blått servise med gulldekor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Noreg er art deco særleg representert gjennom fleire servise designa av Nora Gulbrandsen, som Porsgrunds Porselænsfabrik laga. Ho begynte å arbeide der i 1927, 33 år gammal, og enno ikkje ferdig med utdanninga ved Statens Handverks- og Kunstindustriskole. Året etter var ho kunstnarisk leiar.

Ved landsutstillinga i Bergen i 1928 fekk ho stor merksemd for sitt art deco-design med bilar, fly og tennisspelarar som motiv. I 1930 blei ein ny stor kolleksjon vist fram i Trondheim. Dekorane var no meir nonfigurative med breie band kombinerte med linjer som skapte kontrast. Underglasuren blei sprøytemåla svartgrå, tona frå mørk til lys. Saman med ein eller to klare overglasurfargar og gull, fekk ho fram ei spenning mellom flate og djupn. Dette gav gjenstandane eit energisk uttrykk.

Nora Gulbrandsen forlét Porsgrunds Porselænsfabrik i 1946 etter usemje med den nye leiinga. Ho starta ein keramisk verkstad i Oslo, som ho dreiv fram til midten av 1960-åra.

CC BY-SARettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 27.01.2019

Læringsressursar

Stilhistorie