Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Parykk i papir

Du skal lage ein parykk i kvitt papir. Parykken skal passe til ditt eige hovud. La deg inspirere
av barokk eller rokokko. Vel eit element frå tidsepoken som skal vere med som ein detalj i
parykken din. Fotografer eksperimenteringa, arbeidsprosessen og det ferdige produktet.
Tre dekorative parykkar laga av papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utforsking

Portrett av Marie Antoinette. Måleri.

Lær om stilperiodane

  1. Kva kjenneteiknar barokken?
  2. Korleis var kles- og hårmoten i barokken?
  3. Kva kjenneteiknar rokokkoen?
  4. Korleis var kles- og hårmoten i rokokkoen?
  5. Kven var Marie Antoinette av Frankrike?

Vi tilrår å sjå filmen Marie Antoinette, som blei regissert av Sofia Coppola i 2006.

Prøv ut ulike teknikkar i papir

Eksperimenter med papir, og fyll ut eit A3-ark med 12 spennande teknikkar. Fotografer eksperimenteringa di.

Idéutvikling og planlegging av arbeidet

  1. Vel om du vil la deg inspirere av barokken eller rokokkoen. Lag eit moodboard med inspirasjon frå perioden.
  2. Finn eit element frå perioden som du vil bruke i arbeidet ditt.
  3. Teikn skisser av korleis du vil at parykken din skal sjå ut. Tenk heilskap mellom: parykk og element frå tidsepoken; form og tekstur; kontrast, balanse og rytme.
  4. Planlegg arbeidet ditt. Korleis vil du jobbe etter at du har laga berekonstruksjonen?
Bølgepapp som dannar ein base og form til papirparykk. Foto.

Gjennomføring

Forma til ein parykk bygt i papp og papir. Foto.

Bølgepapp kan gi ei stabil form. Bruk pappen til å lage ein berekonstruksjon. Hald fram med kvitt kraftpapir (eller anna tjukt papir som dekkjer godt.)

  1. Lag ein base i papp, tilpassa hovudet ditt. Start med omkrinsen kring hovudet, og bygg opp den forma du vil ha på parykken.
  2. Start med å dekorere nede i nakken, ved øyra og panna, og jobb deg oppover mot toppen av hovudet.
  3. Vurder arbeidet undervegs opp mot idéen din. Gjer dei endringane som må til, for å få heilskap i arbeidet ditt.
  4. Til slutt set du inn detaljen du har laga.

    Hugs å fotografere heile arbeidsprosessen!

Dokumentasjon

Dekorativ parykk i papir. Foto.

Bli einig med læraren din om korleis du skal levere eller presentere dokumentasjonen.

Dette skal vere med i dokumentasjonen:

  • Svar på spørsmåla om barokk og rokokko i utforskingsdelen
  • A3-arket med eksperimentering i papir
  • Moodboard med inspirasjon
  • Skisser til parykken
  • Foto og kort tekst eller stikkord frå arbeidsprosessen
  • Foto av ferdig produkt med eit element eller ein detalj frå barokk eller rokokko
  • Foto av deg med parykken på
  • Eigenvurdering av arbeidsprosessen og det ferdige produktet

Tips til variasjon av oppgåva

Viss de ønskjer å jobbe med fargebruk samtidig, kan de kombinere kvitt med pastellfarga papir.

Dekorative parykkar i papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde:

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen. (2017). Papirparykk og porselenssmykke. Henta 8. januar 2020 frå: https://kunstkultursenteret.no/ressursbase/papirparykk-og-porselenssmykke/


Relatert innhald

Barokken var den mest dynamiske stilen i arkitektur og kunst i Europa på 1500- og 1600-talet.

Rokokko er ein stilperiode som følgde etter barokken. Den prøvde å erstatte barokkens tunge og pompøse karakter med det lette, mjuke og rørlege.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland, Hanne Merethe R. Staurland og Nina Berg Hereid.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2020

Læringsressursar

Stilhistorie