Hopp til innhald

Fagstoff

Minimalisme

Minimalisme er ei stilretning som byggjer på funksjonalismen. Stilen er roleg, rein og ryddig, og formspråket er enkelt. Objekta er gjerne bygt opp av rette linjer, reine flater og geometriske former. Fargebruken er forsiktig, og naturmateriale blir mykje brukt.
Kjøken i minimalistisk stil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over: Kva tenkjer du på når du høyrer ordet minimal?
Kan éin vakker ting gjere større inntrykk enn mange?

Minimalisme

Innan arkitektur og design dukka omgrepet minimalisme opp på 1980-talet. Hovudperioden reknast frå 1995 til 2000, men stilretninga er like aktuell i dag. Den byggjer på funksjonalismen og er inspirert av tradisjonell japansk design. Arkitekten Van der Rohe var den første som brukte slagordet: «Less is more», eller «Mindre er meir» på norsk. Dette handlar om ta bort det uvesentlege og gi plass og merksemd til det som er viktig.

Ein stilperiode kjem ofte som ein reaksjon på det som var før. Postmodernismen fråtsa i materiale, former og fargar. I minimalismen går vi tilbake til enkle former, bruk av få verkemiddel og forsiktig fargebruk. Først var det mykje svart, så kvitt, og til sist fleire ulike valørar av grått. Naturmateriale blir mykje brukt i interiør.

Minimalistisk klesdesign

Den minimalistiske klesstilen har fokus på stramme linjer og reine snitt. Fargane er nøytrale. Kvitt, grått og svart blir mykje brukt, gjerne med metallisk eller blankt tilbehøyr. Stella McCartney er ei av fleire motedesignarar som lagar minimalistiske kolleksjonar.

Utstillingsvindauge med kvite dukker i festantrekk, designa av Stella McCartney. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Minimalismen i Noreg

Jens Olav Hetland og Figgjo AS

Jens Olav Hetland er ein av dei norske representantane for minimalismen. Som tilsett industridesignar på Figgjo fabrikker i Sandnes teikna han fatserien Figgjo Front i 2000. For dette blei han den første som fekk Norsk Designråds Heiderspris for God Design.

Figgjo Form begynte som ei undersøking av kor stort og rett og kantete eit trykkstøypt porselensprodukt kan vere. Fatserien reknast framleis som nyskapande for produksjon av porselen.

Tre avlange og firkanta kvite porselensfat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Norway Says

Norway Says var eit samarbeid mellom tre norske designarar: Espen Voll, Torbjørn Anderssen og Andreas Engesvik, frå 1999 til 2009. Dei blei kjende på byrjinga av 2000-talet, då dei fekk internasjonal heider for produkt- og møbeldesigna sine. Fleire av desse er gode døme på minimalisme.

Johan Verde

Johan Verde blir rekna som ein av dei mest allsidige designarane i Noreg. Allereie som ungdom byrja han å lage skinnsmykke. Han er utdanna ved Statens handverks- og kunstindustriskole i Oslo. Sidan 1990 har industridesignaren som sjølvstendig næringsdrivande, formgitt alt frå ispinnar for Diplom-is og Sfinx konfekt for Nidar, til skibindingar for Åsnes og tranpilleglas for Møller.

For Magnor glassverk har han i 1996 designa både vasen "Ibsen" og skaldyrserviset "Neptun". Han har teikna bestikket "Capelano" for danske Stelton. I 2003 utforma han kolleksjonen "Silver Mechanic" med smykke for menn for sølvvareverkstaden Unhjem Design. I 2007 vann han, saman med Trond Moi, den prestisjefylte internasjonale Wallpaper Annual Design Award for gryteserien ZPA ChefPan i kategorien beste kjøkkenutstyr.

Verde fortel at det tok litt tid å bli akseptert i møbelbransjen. Men her har han blitt kjend blant anna for stolen ”Loop”, produsert av Fora Form.

Ulf Koritzinsky

Møbelsnikkar Ulf Koritzinsky fortel at han alltid har vore interessert i møblar med enkle linjer og utan ytre dekor. Han trudde på organiske former med bogar og glidande overgangar, forseggjort handverk med bruk av dominerande treslag som palisander og teak.

Japansk interiør. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etter eit studieopphald i Japan etablerte han eigen verkstad og forandra arbeidsmetodane. Han fortel at han legg vekt på det funksjonelle. Målet er at materiala skal visast frå si finaste side, samtidig som formene skal vere enkle. Det er viktig å ta omsyn til kva kunden har av materiale og interiør frå før, seier han.

Diskuter med ein medelev: Kva kjenneteiknar minimalisme? Korleis blir minimalisme brukt i dei yrka de har valt?
Søk gjerne på nettet etter bilete.

Relatert innhald

Funksjonalisme er ei stilretning innanfor arkitektur, byplanlegging og kunstindustri. Idealet er eit enkelt formspråk, der form skal følgje funksjon.

Postmodernismen oppstod som ein reaksjon på modernismen i 1970-1980-åra. No skulle ein bort frå det enkle og eksperimentere med nye uttrykk.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 18.12.2018

Læringsressursar

Stilhistorie