Hopp til innhald

Fagstoff

Scandinavian Design

Omgrepet "Scandinavian design" slo igjennom internasjonalt med ei stor utstilling av designprodukt frå Norden, vist på fleire amerikanske museum frå 1954 til 1957. Dei nordiske designarane heldt fast på det enkle i funksjonalismen, samstundes som dei hadde høge krav til materialbruk og utføring.

Materialbruk

Scandinavian design hadde ideala frå funksjonalismen som utgangspunkt. Designarane brukte enkle former og var opptatt av at produkta skulle ha høg kvalitet. Dei jobba med ulike materiale som metall, glas og keramikk. Men det er likevel tre som er stilretninga sitt hovudmateriale.

Etter andre verdskrigen var det fleire kjende designarar som jobba med ulike material. I Danmark laga Axel Salto spennande keramiske produkt for Royal Copenhagen. Samtidig arbeidde han også med tekstil og som smykkedesignar. Finske Timo Sarpaneva arbeidde med glas for Iittala, men produserte samtidig bruksgjenstandar i metall, tre og tekstil.

Internasjonale merkevarer

Glasprodukt utstilte Iittalabutikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjende utstillingar blei viktige for å marknadsføre nordisk design. Ei av dei var den store Triennali di Milano. I 1954 hadde utstillinga fokus på "Design in Scandinavia". Der deltok Noreg for første gong med ein eigen seksjon. Noreg fekk både prisar og god omtale, blant anna for eit spesiallaga sildebord og sølvarbeid.

Nabolanda våre viste masseproduserte industrivarer i glas og keramikk. Finnane hadde tradisjonsrike glasbruk som Arabia og iittala, som satsa på skandinavisk design. Danskane hadde Den Kongelige Porcelainsfabrik, som internasjonalt marknadsfører seg som Royal Copenhagen, og Rosendahl. Svenskane har sterke internasjonale merkevarer som Orrefors og KostaBoda.

Kjente designarar

Gunnar Nylund arbeider med keramikk. Foto

Gunnar Nylund

Gunnar Nylund kan stå som representant for heile Scandinavian Design-epoken. Far hans var finsk målar og skulptør, og mora var dansk keramikar. Sjølv arbeidde han mest med keramikk for Rörstrand i Sverige. Her jobba han også med glasdesign for Strömbergshyttan. I tillegg laga han eigne skulpturar i metall. I 1959 blei han art director ved Nymølle Fajansefabrik i Danmark.

Poul Henningsen

Taklampe i kvitlakkert aluminium. Foto.

Dansken Poul Henningsen er kjend for PH-lampene sine. Utgangspunktet var at han syntest elektriske pærer kasta eit umogleg lys. Enten blei lyset for skarpt, eller så slukte store skjermar det meste av lyset. Han teikna derfor lampeskjermar som sende lyset ut i rommet med full styrke, utan å blende nokon.

Torun Bülow-Hübe

Armbandsur. Foto.

Det danske juvelerfirmaet Georg Jensen er eit verdsomspennande firma. Dei legg vekt på funksjonalitet og venleik. I 1956 tilsette dei den svenske sølvsmeden Torun Bülow-Hübe. Ho jobba i Paris og fekk berømte kundar som Pablo Picasso, Brigitte Bardot, Ingrid Bergman og Billie Holiday. Bülow-Hübe blei spesielt kjent for designet sitt av ”Vivianna” armbandsur. I 1978 flytta ho til Djakarta i Indonesia, der ho designa smykke, tekstilar, korger og lamper.

Glasskunstnarar

Glasvase. Foto.

Vicke Lindstrand

Vicke Lindstrand var designar for Orrefors i sju år, fram til 1943. Her jobba han med keramikkproduksjon ved Uppsala Ekeby. Frå 1950 var han sjefdesignar ved Kosta Glasbruk. I tillegg arbeidde han med tekstil og grafisk design.

Tapio Wirkkala

Mugge og fire vinglas i pressa glas. Foto.

Finske Tapio Wirkkala var også aktiv innan fleire materialområde, både knivar, smykke og skulpturar, men han er mest kjend for glasdesign. Han utforma ein av dei mest suksessrike glasseriane i Finland: ”Ultima Thule”, produsert av iittala.

Bestikk

Bestikk i rustfritt stål. Foto.

Danske Arne Jacobsen er mest kjend for møblane sine, men teikna også AJ-bestikket for det danske firmaet Georg Jensen i 1958.

Den norske arkitekten Arne Korsmo teikna saman med kona si, gullsmeden Grete Prytz Kittelsen, bestikket ”Korsmo” i 1953. Det banebrytande med bestikket var at det blei produsert med maksimal forenkling av produksjonsprosessen.

For produksjon av kvar bestikkdel var det nok med berre ei stanse. Korsmo valde også eit materiale som skulle gjere bestikket rimeleg for forbrukarane. Løysinga blei sølvplett, eit materiale av uedelt metall som er dekt av eit tynt ytre lag av reint sølv.

Vil du lære meir om Scandinavian Design?

nettsidene til Mats Linder om Scandinavian Design finn du oversikt over fleire skandinaviske designere.

CC BY-SARettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 04.01.2019

Læringsressursar

Stilhistorie