Hopp til innhald

Fagstoff

Urnes stavkyrkje

Har du høyrt om urnesdyret? I denne filmen kan du lære meir om den eldste stavkyrkja vi har bevart i Noreg. Du får blant anna sjå korleis dyreornamentikk frå vikingtida er skoren ut i tre.

Kulturarv

Urnes stavkyrkje ligg i Luster i Sogn. Kyrkja er bygt rundt 1150 og er eldst av dei bevarte stavkyrkjene. Ho er bygd i romansk stil. I 1979 kom Urnes stavkirke med på Unescos liste over verdas kultur- og naturarv.

I filmen om kyrkja får du sjå godt handverk, både i arkitektur og i dekor.

Program: "Stavkirkene"

Regi: Eivind Otto Hjelle

Foto: Janos Csak

Sendt: 31.03.1994

Relatert innhald

Nemninga "romansk" oppstod først på 1800-talet, og blei brukt for å beskrive den førgotiske byggekunsten på 1000- og 1100-talet.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 16.04.2024

Læringsressursar

Stilhistorie