Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Gatekunst – sjølvportrett

Utforsk gatekunst i nærmiljøet eller på nettet, og bruk han som inspirasjon til å skape ditt eige uttrykk! Fortel noko om deg sjølv ved hjelp av sjablongtrykk og skriftleg tekst.
Ein vegg som er spraymåla med graffiti. Midt mellom all graffitien er det plassert eit sjablongtrykk av portrettet av ein ung mann. Mannen har eit  smalt ansikt og kort, mørkt hår. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: La deg inspirere!

Start med å sjå videoen om gatekunst nedanfor. Ta deretter ein runde i nærmiljøet eller på nettet, og finn ulike døme på gatekunst. Sjå nærare på formuttrykk og fargebruk i kunsten, og bruk det du ser, som inspirasjon til å skape ditt eige uttrykk i eit sjølvportrett.

Del 2: Portrett

  1. Samarbeid to og to og ta portrettfoto av kvarandre. Pass på at de finn ein nøytral bakgrunn. Eksperimenter gjerne med lyssetting.

  2. Vel det beste portrettet. Last det inn i eit biletbehandlings-program og gjer det om til eit svart-kvitt-bilete utan gråtonar.

  3. Jobb med å forenkle uttrykket slik at det kan danne basisen for ein sjablong.

  4. Skriv ut ein sjablong.

  5. Bruk kniv til å skjere bort dei svarte flatene. Det kvite som står igjen, bør vere så heilt som mogleg.

Kollasj av to portrett, det eine med mjuk lyssetting, det andre med hard lyssetting. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Komposisjon

Lag små, raske skisser der du prøver ut ulike plasseringar av portrett og skriftleg tekst.

Foto av om lag tretti fargerike sjablongtrykk som heng utstilte på ein vegg.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 4: Bakgrunn

Eksperimenter med fargar og måleteknikkar og lag ein bakgrunn som du vil trykke portrettet ditt på.

To sjablongtrykk: eitt og same portrett trykt først på kvitt papir, deretter på eit fleirfarga måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 5: Pseudonym

Eit pseudonym er eit oppdikta namn. Du kan bruke det som dekknamn viss du ikkje ønsker å gi opp det eigentlege namnet ditt.

Individuelt arbeid

Lag ei liste:

  • fornamn, mellom- og etternamn

  • initialane dine

  • kallenamn (om du har)

  • namn på staden der du bur eller kjem frå

  • noko du synest er vakkert

  • noko du synest er skummelt

  • eit ord du bruker ofte

  • nokre ord som er typiske for dialekten din

  • tre ord som karakteriserer deg

  • favorittsong

  • det første symbolet du kjem på

Samarbeid i grupper på fire

No skal de lage forslag til pseudonym for kvarandre:

  • Ta for dykk lista til ein av gruppemedlemmene.

  • Bruk ord, bokstavar og symbol på lista til å lage forslag til pseudonym.

  • Jobb raskt – bruk ikkje meir enn eitt minutt.

  • Kvar gruppemedlem lagar minst tre ulike forslag.

  • Ta så for dykk neste liste, osb.

Individuelt arbeid

  • No har du ei liste med minst ni forslag. Bruk dei som inspirasjon til å skape ditt eige kunstnarnamn eller pseudonym.

  • Lag skisser og prøv ut ulike måtar å skrive pseudonymet ditt på.

  • Jobb vidare i eit grafisk program og prøv ut ulike skrifttypar. Kva vil du at fonten skal formidle – eit tøft, vakkert, leikent, sinna, kult eller morosamt uttrykk?

  • Skriv ut namnet i passande storleik, og lag eit forslag til tekstsjablong.

  • Test ut ulike fargar, og trykk namnet med måling på portrettet ditt.

Skisse av orda "ditt namn". Fonten er ein type imitert handskrift, og orda er teikna med blyantstrek. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 6: Skriftleg tekst

Ønsker du å ha med eit sitat, eit slagord eller ein tekst som utvidar betydninga av biletet ditt?

Eksperimenter på same måten som i del 3, og trykk teksten på portrettet ditt.

Eit kvitt ark som er fylt med bokstavtrykk. Oppå arket ligg det ein sjablong og ei rulle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 7: Utstilling

Samarbeid om å lage ei utstilling av alle sjølvportretta.

Del 8: Dokumentasjon

Samle alle skisser og utprøvingar i ei mappe. Skriv eit refleksjonsnotat der du vurderer desse punkta:

  • Korleis har du latt deg inspirere av gatekunst?

  • Kva har du eksperimentert med, og kva for nokre ulike måleteknikkar har du brukt?

  • Korleis har du brukt sjablongteknikken?

  • Kva er det sjølvportrettet uttrykker om deg? Korleis er val av fargar og skrift med på å forsterke dette uttrykket?

  • Kva er du mest fornøgd med i arbeidet ditt?

Foto av eit sjablongtrykk. Eit portrett i svart er trykt på ein fargerik, måla bakgrunn. Nedst står bokstavane v, e, t, s. j, e med stor, kvit skrift.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 02.08.2022

Læringsressursar

Stilhistorie