Hopp til innhald

Fagstoff

Romersk stilhistorie

I ein periode på sju hundre år, frå år 300 før vår tidsrekning til år 400, voks den vesle byen Roma frå å kontrollere midt-Italia, til å kontrollere det meste av landområda rundt Middelhavet og heilt opp til Skottland. Romarane har satt sitt preg på arkitektur, interiør, kles- og hårmote.
Aqua Claudia i Roma. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi deler gjerne den romerske stilepoken inn i fem delar, etter styringsforma:

  • den klassiske republikken: frå 300 til 130 før vår tidsrekning
  • seinrepublikken: frå 130 til 31 før vår tidsrekning
  • keisartida: frå 31 før vår tidsrekning til år 235
  • soldatkeisartida: frå 235 til 284
  • dominatet: (eller seinantikken) frå 284 til 395

Handverk og kunst

I handverks- og kunstproduksjonen blir romarane rekna for å vere sterkt prega av naboane sine i nord, etruskarane. Dei var igjen prega av den greske kulturen. Akveduktar (vasskanalar) og veganlegg er det mest karakteristiske som framleis er att av romersk ingeniørkunst.

Seks militære hovudvegar breier seg ut frå Roma som eiker i eit hjul: Appia, Latina, Salaria, Flaminia, Aurelia og Cassia. Det er også teke vare på ei rekkje monumentale byggverk frå denne perioden.

Rekonstruksjon av Pantheon i Roma.Illustrasjon.

Reiser de til Roma, må de få med dykk Pantheon, "eit tempel for alle gudar". Det blei bygt 27 år før vår tidsrekning tek til, og rekonstruert slik det står no, 200 år seinare, under keisar Hadrian.

Likevel er det kanskje Pompeii, som blei "hermetisert" etter utbrotet av vulkanen Vesuv 24. august 79, som kan gi oss den beste forståinga av romersk daglegliv under keisartida.

Overklassen var dei økonomisk uavhengige aristokratiske jordeigarane og velståande kjøpmennene. Dei budde i store atriumhus med ei grunnflate som varierte frå 500 til 2500 kvadratmeter. Småborgarar og handverkarar hadde tilsvarande hus med ei buflate frå 100 til 250 kvadratmeter. Den enklaste bustadtypen var tabernaen eller bodegaen, med bustad og arbeidsplass i eitt. Ofte hadde dei eit tilbygg eller ein mellometasje, til saman frå 16 til 50 kvadratmeter.

Ruinar i Pompeii. Foto.

I Pompeii fanst det ein mektig klasse av frie handverkarar, småhandlarar og arbeidarar som var organiserte på fagleg grunnlag. Handverkarane samarbeidde, og fekk stor påverknad på 300- og 200-talet f.Kr.

Romersk drakt

Statue med romersk klesdrakt. Foto.

Romarane sitt opphavlege klesplagg var togaen, eit åtte meter langt tøystykke som var ovalt tilskore. Dette tøystykket blei drapert rundt kroppen på ein kunstferdig måte. Togaen må ha gitt liten fridom til å røre på seg, og blei under keisardømmet erstatta av pallium: ei halvsirkelforma kappe som blei hefta saman på høgre skulder.

Under kappa bar romarane den skjorteliknande tunikaen. Den var laga av to stykke ufarga ull, som var sydde saman på sidene og skuldrene, med opningar for armane øvst. Tunikaen fekk sydd på lange ermar på 200-talet.

Mot slutten av keisartida tok romarane i bruk bukser, som soldatane då hadde brukt lenge allereie.

Kvinnedrakta bestod av stolaen, som hadde omtrent same form som tunikaen, men var lang. Over stolaen bar kvinnene ei rektangulær kappe, kalla palla.

Romersk interiør

Også den romerske møbelproduksjonen var kraftig påverka av etruskarane og grekarane. Dessverre er det stort sett berre teke vare på møblar i bronse, stein og marmor. Men dei viser at romarane har variert og fortolka påverknadene utanfrå, både i form av dekorasjonar og i ei reindyrking av enklare stilformer.

Samanlikna med vår tid, hadde romarane få møblar. Dei levde i relativt nakne, men praktfullt dekorerte rom, med eit minimum av gjenstandar. Utsøkte mosaikkverk, både i geometriske former og i mønster med menneske, dyr, gudebilete og planter pryda veggar, golv og kvelvingar. Taka blei utsmykka med ornament og figurar i gips.

Dei rike møblerte med marmorbord, kunstferdige sofaer og divanar, puter dekorerte med elfenbein og gull, glinsande bronselampestativ og skamlar og stolar av utsøkte tresortar. Dei praktfulle mosaikkgolva kunne vere dekte av eit leopardskinn eller egyptiske teppe.

For dei fattigaste var buforholda langt enklare. Dei budde fleire på eitt rom, i 18 meter høge leigegardar med seks eller fleire etasjar.

Hårmote og sminke

Hovudet på ein romersk statue. Foto.

Hårmotane varierte også i den romerske stilperioden. I dei eldste tidene hadde mennene langt hår og fullskjegg. Seinare kom glattbarberte fjes og kort hårklipp på moten. I det første hundreåret blei skjegg igjen populært, men i meir velpleidde former.

Mennene bar ikkje andre smykke enn ein ring, og skikken var at ingen skulle bere meir enn éin ring om gongen. Barna fekk ein medaljong når dei blei fødde, som blei kalla bulla. Gutane bar desse heilt til dei blei vaksne borgarar i 16–17-årsalderen. Jentene bar medaljongen heilt til dei gifte seg.

Kvinnene delte i dei eldste tidene håret på midten og samla det i ein knute på toppen av hovudet. Då kvinnene fekk større rettar i det andre hundreåret, begynte dei gradvis å stelle håret meir. Mange farga det, og favorittfargen var gullraudt. Somme kvinner brukte også laushår for få sitt eige hår til å verke lengre eller tjukkare.

Hårstilen kunne variere. Nokre sette håret kunstferdig opp med hårnåler dekorerte med steinar, mens andre lét det henge fritt med dekorative krøllar. Til å frisere håret blei det som oftast brukt ein kam av tre. Men dei kunne også vere laga av bronse, elfenbein, skjell eller dyrehorn.

Kvinnene brukte også sminke når dei viste seg offentleg. Huda skulle vere så kvit som mogleg, og for å få det til, brukte kvinnene kremar laga av krit og bly. For å framheve den kvite huda i ansiktet, brukte dei også eyeliner for å gjere augnebryna mørkare. Dei farga kinn og lepper raude av eit jernstoff som blei kalla oker.

Kvinnene bar mange typar smykke: halskjede, nåler, øyreringar, armband og venskapsringar. Perler var svært populært, og dei kunne også bere smykke i håret.

Ready for the Dance av Augustus Jules Bouvier. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arkitektur og utsmykking

Romarane brukte ornamental utsmykking i større grad enn grekarane. Akantusbladet var det mest brukte motivet. Blomsterranker med eføy, eikelauv og liknande blei hengde opp på bygningane som utsmykking.

Innverknaden frå den hellenistiske arkitekturen på den romerske er synleg i mange detaljar, som til dømes bruken av søylegangar. Det romerske rundtemplet hadde truleg også greske førebilete.

Frå omkring år 200 blei det romerske riket styrt av eit aristokrati med forbløffande einsarta kultur, smak og språk. Vi kan framleis observere dette i dei romerske byane i Vest-Europa og Nord-Afrika med sine parallelle og kryssande gater, badeanstaltar (termar), teater, amfiteater og kappkøyringsbanar (cirkus).

Colosseum i Roma. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SARettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 25.01.2019

Læringsressursar

Stilhistorie