Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stilhistorie-kollasj

Vel ein periode i stilhistoria som du vil bli betre kjent med. Finn foto som viser kva som er typisk for denne perioden. Sett bileta saman i eit biletredigeringsprogram og lag ein kollasj.

Kollasj (eller collage) er eit bilete som er sett saman av mindre bilete. Bileta over er henta frå art nouveau eller jugendstil, ei stilretning som varte frå cirka 1890 til 1914.

Oppgåve

  1. Vel ein periode i stilhistoria og finn ut kva som er typisk for denne perioden.
  2. Finn bilete som viser kjenneteikn frå perioden. Lag samtidig ei kjeldeliste som viser kvar du har funne bileta.
  3. Klipp ut minst fem typiske element frå stilperioden du har valt, og sett dei saman på ein ny måte. Jobb godt med komposisjonen. Tenk på linjer og balanse når du set bileta saman til ein kollasj.
  4. Innlevering: kollasj og kjeldeliste.

Tenk over:

Korleis er stilen i forhold til utrykket i vår eiga tid?

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2019

Læringsressursar

Stilhistorie