Hopp til innhald

Fagstoff

Popdesign

Popdesign var ein reaksjon mot det som tidlegare var blitt akseptert som god design. Ordet "pop" er ei kortform for populær, som betyr folkeleg, vanleg og godt likt. No blei det brukt kraftige fargar, ekspressive former og syntetiske materiale.

Vi reknar popdesign som ei retning innan postmodernismen. Stilarten kom som ein reaksjon på strenge krav til fornuft og nytteverdi i modernismen.

Reaksjon mot den gode smaken

På slutten av 60-talet fekk vi eit studentopprør. Pop-kunst og pop-musikk var ungdommen sitt opprør mot etablerte normer og verdiar.

Den nye popdesignen gjekk bort frå dei verdiane som god design var bygt på. Stilarten blei prega av ungdomskulturen og smaken til "vanlege folk". Sterke fargar og syntetiske materiale blei mykje brukt. Gjenbruksmøblar av papp og plastikkstolar til å blåse opp, demonstrerte nye verdiar.

Rasjoneringa i etterkrigstida var over, og vi utvikla eit forbrukarsamfunn. Tidlegare hadde produsentane bestemt korleis varene skulle sjå ut, men no blei makta flytta til kundane. Masseproduksjon var med på å skape ein ny bruk-og-kast-mentalitet.

Klesdesign

To modellar med miniskjørt og strømpebukser. Foto.

På 1960-talet kom TV-en og spreidde idéar, motar og idol. Samstundes som ungdomsopprøret starta, opna to britiske klesdesignarar kvar sine forretningar i London.

Mary Quant

Utstillingsdokker i design av Mary Quant. Foto.

Mary Quant etablerte Bazaar i King's Road i 1955. Det blei ein suksess med ein gong. Kvite plastikkragar som kunne pynte opp svarte antrekk og svarte sokkar var dei mest populære artiklane i starten. Quant var misnøgd med varetilbodet og starta si eiga systove. Ho er kjend for å ha lansert miniskjørtet og dei mangefarga og mønstrete strømpebuksene.
Sjå fleire av kolleksjonane til Mary Quant på nettsidene til Victoria og Albert museum, vam.ac.uk.

John Stephen og "His Clothes"

John Stephen kom til London som attenåring frå Glasgow, og starta etter nokre år klesbutikken "His Clothes". I 1959 flytte forretninga til Carnaby Street, og seks år seinare hadde han åtte forretningar i strøket og blei kalla "kongen av Carnaby Street".

Lista over suksessfulle lanseringar er lang:

  • bukser som hang på hoftekammen
  • skjorter med blomstermønster i sterke fargar
  • mini-kilt for menn
  • slengbukser i cordfløyel
  • bomulls-T-skjorter
  • kjønnsnøytrale dobbeltknappa jakker
  • fargerike kaftanar inspirerte frå Midtausten. (Ein kaftan er ein lang frakk eller kjortel med vide ermer.)
Heile The Beatles i moteriktige klede anno 1967. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hårmote

Elvis Presley på framsida av bladet Photoplay. Foto.

Mot slutten av 1950-åra kom den britiske frisøren Vidal Sassoon med ein heilt ny klippeteknikk, og blankt, velfrisert kort hår blei mote.

Elvis Presley sørgde for at vi fekk ein heil ungdomsgenerasjon av gutar med feitt hår, tilbakestroke og innsmurd med brylkrem, og med ei lita "bølgje" fremst. Jentene sette opp håret i hestehale. Det blei også etter kvart vanleg å tupere håret i såter, slik at det fekk ein enorm masse.

Midt i 1960-åra introduserte Beatles lang pannelugg for gutar. Dette braut med ideala til foreldregenerasjonen om at gutar skulle vere kortklipte. Hippierørsla protesterte mot forbrukarsamfunnet og søkte tilbake til naturen. Langhåra menn og kvinner lot frisyren bli eit synleg teikn på protest.

Interiørdesign

Eero Aarnio frå Finland var nyskapande i moderne møbeldesign. På 60-talet begynte han å eksperimentere med organiske former, plast og sterke fargar. Saman med danske Verner Panton er han ein av dei fremste skandinaviske representantane for popdesign innan møbelproduksjon.

Popdesign i Noreg

I Noreg høyrer popdesign til 1970-talet, og uttrykket var ikkje så ekstremt som dei internasjonale førebileta.

Sven Ivar Dysthe

Ein av møbeldesignarane var Sven Ivar Dysthe, som utvikla stolen "Planet" i 1965. Med globusforma si var "Planet" det første teiknet på at popdesign hadde slått igjennom i Noreg.

Den glassfiberarmerte stablestolen "Popcorn", som blei teikna til opninga av Henie Onstads Kunstsenter i Bærum i 1968, er eit anna døme på designen hans.

To designstolar, ein raud og ein svart. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Saccosekken

Saccosekk. Foto.

"Saccosekken" blei skapt i 1968 av tre italienske designarar. Han har vore produsert i Noreg av Sacco of Norway AS. Sacco betyr "sekk" på italiensk. Sitjemøbelet hadde trekk av vinyl, tekstil eller hud og var fylt med ørsmå isoporkuler. Han var veldig populær på 1970- og 80-talet.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 04.07.2019

Læringsressursar

Stilhistorie