Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kjenneteikn frå kva epoke eller stilretning?

Vel ein tv-serie eller film og finn ut kva for ein historisk epoke og kva stilhistoriske kjenneteikn produksjonen har henta inspirasjon frå.
Star Wars-karakterane Chewbacca, Luke Skywalker, Obi-Wan Kenobi og Han Solo sit i eit romskip. Filmfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Vel deg eit drama eller ein serie frå NRK TV, bruk tipsa lenger nede på sida eller vel noko heilt anna. Vel uansett noko som har tydelege og særmerkte referansar til ei stilretning.
  2. Bruk tid på å skaffe deg overblikk over filmhistorie og stil- og uttrykkshistorie. Set deg inn i kva som er typisk for ulike stilretningar, slik at du klarer å kjenne igjen karakteristiske trekk.
  3. Sjå delar av serien eller filmen og studer scener, interiør, arkitektur og bekledning. Bestem deg for kva stilepoke som er referanse, det er denne stilepoken du skal fordjupe deg i.
  4. Samanlikn minst fem ulike eksempel på visuelle kjenneteikn frå serien/filmen og epoken du har valt.
  5. Diskuter eksempla dine med andre og gjer eventuelle justeringar i utvalet.
  6. Presenter serien/filmen og stilretninga munnleg. Avslutt med å legge fram og samanlikne eksempla dine.
  7. Diskuter i klassen korleis stiluttrykket i tidlegare tider kan inspirere eigne uttrykk.
Tips til filmar og seriar

Frå NDLA film

Arn – Tempelridderen

Jane Eyre

Coco før Chanel

The Imitation Game

Andre relevante seriar og filmar

Gjer deg kjend med seriane og filmane gjennom bilet- og videosøk.

Stranger Things

Jackie Brown

Men in Black

Tillsammans

The Crown

The Handmaid's Tale

Poirot

Batman

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2020

Læringsressursar

Stilhistorie