Hopp til innhald

Fagstoff

Maksimalisme

Maksimalisme er det motsette av minimalisme: overdådige uttrykk, gjerne med bruk av sterke fargar og mykje mønster. Livsglede og kreativt mangfald er i fokus.
Maksimalistisk interiør og haute couture. Fotokollasj.

Maksimalisme kan bety å gå så langt som mogleg. Korleis kan du gjere det i design og handverk?

Mange opplevde den enkle stilen i minimalismen som kald og upersonleg. No ville dei heller vise livsglede og kreativt mangfald. Maksimalismen utvikla seg på 1990- og 2000-talet og er framleis aktuell. Stilretninga er prega av sensuelle, organiske og svulmande former. Fargebruken kan vere sterk, ofte med eit repeterande mønster.

Tenk over: Hugsar du kva som kjenneteiknar barokken?
Du kan lese meir om dette i NDLA sin artikkel om barokken.

Kva blei maksimalismen inspirert av?

Kopp med skål i porselen med trykt dekor. Foto.

Maksimalismen blei inspirert av barokken på 1600-talet, der alt skulle vere stort og mykje. Mønstra tapet og lysekroner er noko vi finn att i interiørmoten i dag.

Det overdådige uttrykket i maksimalismen kan også minne om stilen i overgangen mellom 1800- og 1900-talet. Men no bruker vi andre former og teknikkar. Ny vitskap og teknologi har inspirert til å utforske moglegheitene som ligg i design og kunsthandverk.

Klesdesign

Maksimalistisk mote kan vere klede du sjeldan ser på gata, men gjerne opplever på catwalken eller scena.

 Lady Gaga i eit rosa sceneantrekk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Antrekk laget av maskinvove bomullsstoff med påsydde remser frå plastposar. Foto.

Kleda skil seg ut i bruken av former og materiale. Det kan vere alt frå fjær, pels og skinn til material som vanlegvis ikkje blir brukte til klede. Pia Myrvold har brukt remser av plastposar i drakta "In-formation" - Paris Identity (1994).

På Nasjonalmuseet kan du sjå kjolen til Ove Herder Finseth ”Orientalsk blomsterhavn” med støvlettar i same mønster, laga av Vibeke Barbo i 2003. Dette antrekket illustrerer også maksimalismen.

Rosa antrekk med støvlar i handsauma og maskinvove og maskinknipla silke- og kunstsilkestoff, dels med gulltråd, handbrodert med glasperler og applikerte gullblomar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriv ned nokre stikkord: Oppsummer kva som kjenneteiknar maksimalisme. Kan du finne døme på maksimalisme innan det yrket du har valt?

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2019

Læringsressursar

Stilhistorie