Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Skulpturell krage inspirert av barokken

Barokken var ein periode med sans for prakt og enorme dimensjonar. Klede og utsmykkingar kunne vere pompøse og oppsiktsvekkande. La deg inspirere, og design ein skulpturell krage. Form, material- og fargeval skal gi assosiasjonar til barokken.
To unge damer har på seg ein skulpturell krage laga i tekstil. Portretta er lyssette mot ein mørk bakgrunn. Dette skapar ein kontrast som gir biletet ei dramatisk stemning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag

Med inspirasjon frå barokken skal du designe ein barokk krage. Kragen skal ha utgangspunkt i halsen og kan byggast ut til å dekke delar av skuldrene og/eller hovudet, ryggen eller brystet. Du skal kunne bruke kragen. Då må han verken vere for tung eller for skrøpeleg.

Materiale og teknikk

Kragen skal vere ein kombinasjon av minimum to materiale, kor minst eitt skal vere eit tekstilt materiale. Bruk minst ein tekstil teknikk i samanføying, dekor eller i konstruksjonen.

Mønstra tekstilar er sauma saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Utforsk barokken og korleis kragar blir brukte i moderne klededesign

Portrett av ein mann med pipekrage. Måleri.

Kollasj (eller collage) er eit bilete som er sett saman av mindre bilete.

  1. Sett deg inn i kva som kjenneteiknar barokken som periode. Lag ein biletkollasj som viser typiske trekk frå perioden.
  2. Undersøk korleis kragar blir brukte i moderne klededesign. Lag ny biletkollasj med kragar som tema.
  3. Finn ut kva som blir meint med skulpturell, og la deg inspirere.

Del 2: Designprosess

Du skal dokumentere designprosessen din med skisser, utprøvingar av materiale og teknikkar. Dette presenterer du i eit dokumentasjonshefte saman med faglege skildringar og vurderingar av arbeidsprosessen din og det ferdige produktet.

Idéutvikling

Med inspirasjon frå barokken skal du teikne fleire ulike skisser til barokke kragar.

Skisser av seks ulike kragar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vel eitt av forslaga som du omarbeider vidare. Bestem kva uttrykk, kjensle, stemning som kragen din skal uttrykke.

Kven er i målgruppa di, og korleis skal dette påverke designet? Kommenter vala du gjer undervegs direkte på skissene.

Tre skisser, to av detalj av krage og ein av heilfigur. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Prøv ut ulike materiale og teknikkar som kan passe til uttrykket ditt.

Test ut former, gjerne med 3D-skisser i papir. Dette kan danne grunnlag for eit mønster i papir.

Tre bilete. Eit viser korleis forma på ein krage blir bygd opp i gips på ein byste. Det andre motivet er dongeristoff i ulike blånyansar som er sydde saman. Det siste viser korleis dongeristoffa blir monterte på kragen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Planlegging og produksjon av krage

  1. Lag mønster og planlegg produksjonen. Bruk materialprøvar og tekniske utprøvingar som utgangspunkt.
  2. Lag kragen. Hugs å fotografere arbeidsprosessen undervegs.
Tekstilar i fleire lag monterte på ein byste. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Presenter produktet

Du skal levere eit foto av deg sjølv med kragen på. Smink deg gjerne i samsvar med uttrykket på kragen. Jobb med å lyssetje biletet. Også her kan du la deg inspirere av barokk tradisjon. Dersom du vil, kan du forsterke uttrykket i fotoet i eit biletredigeringsprogram.

To bilete av ein ung mann som har på seg ein hatt og ein skulpturell krage. På biletet til venstre smiler han usminka. I portrettet til høgre har han sterk sminke og poserer med ein mynt og metallgjenstand i hendene. Dette biletet er lyssett mot ein mørk bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 4: Eigenvurdering

Beskriv arbeidsprosessen og det ferdige produktet ditt:

  • Kva signal ville du at kragen skulle sende ut?
  • Kva verkemiddel har du brukt for å skape uttrykket ditt?
  • Korleis kan vi sjå at kragen er inspirert av barokken?
  • Kva erfaringar har du gjort med teknikkar og materiale?
  • Kva har du lært undervegs?

Innlevering

  1. Skulpturell krage inspirert av barokken
  2. Foto av deg sjølv med kragen på
  3. Dokumentasjonshefte:
  • skisser og idéutvikling
  • material- og teknikkprøvar
  • skildring og foto frå produksjonsprosessen
  • eigenvurdering av arbeidsprosessen og den ferdige kragen

Relatert innhald

Barokken var den mest dynamiske stilen i arkitektur og kunst i Europa på 1500- og 1600-talet.

Når ein er marknadsorientert, må ein tenkje målgruppe. Det finst ikkje noka bedrift i verda som tilbyr alle kundane akkurat det kvar og ein ønskjer.

CC BY-SASkrive av Liv Inger Espedal, Åse Karin Levinsen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2020

Læringsressursar

Stilhistorie