Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til filmen Coco før Chanel

Coco Chanel skapte ein heilt ny stil. I filmen blir vi kjende med henne før ho slo gjennom som designar. Ho trassa forventningane til korleis kvinner skulle kle seg og oppføre seg. Finn ut kva motedesignaren Chanel er kjend for, og bruk inspirasjon frå filmen til å utvikle eigne idear.
Kvinne med kvit bluse, vest, oppsett hår og hatt. Foto.

Del 1: Legg merke til klesmoten som blir vist i filmen

Filmen legg vekt på personlegdommen og kjærleikshistoria til Gabrielle «Coco» Chanel. Samtidig får vi eit inntrykk av klesmoten på starten av 1900-talet og korleis Chanel reagerte på denne moten.

  1. Beskriv klesmoten slik han blir vist i filmen.
  2. Korleis reagerer Coco Chanel på denne klesmoten?
  3. Filmen blir avslutta med ei motevising. Samanlikn klesstilen Chanel hadde utvikla, med klesmotane som blei viste tidlegare i filmen.
Gabrielle «Coco» Chanel av Man Ray. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Undersøk kva Coco Chanel er kjend for som motedesignar, og diskuter med medelevar

  1. Coco Chanel fornya og revolusjonerte motebiletet i samtida si. Finn ut kva ho er kjend for som motedesignar.
  2. Korleis tilpassa Chanel klede til ei ny kvinnerolle?
  3. Coco Chanel har sagt: «Mote er først og fremst eit spørsmål om stil. Mote kan bli umoderne, men stil, aldri.» Diskuter kva ho meinte med dette, og om de er einige i utsegna.
  4. Gå inn på nettsidene til motehuset Chanel og vurder kva de synest om stiluttrykket dei har i dag.

Del 3: Bruk inspirasjon frå filmen til idéutvikling

Vel eit klesplagg, ein frisyre eller ein gjenstand frå filmen. Bruk dette som inspirasjon og lag idéskisser til eit klesplagg, ein frisyre eller ein bruksting som kan passe til menneske i dag. Kommenter kva som inspirerte deg, og korleis du har tilpassa produktet til vår eiga tid.

Relatert innhald

Eit portrett av ein av dei viktigaste moteskaparane i verda før ho vart verdskjend.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 01.08.2020

Læringsressursar

Stilhistorie