Hopp til innhald

Fagstoff

Barokken

Barokken var den mest dynamiske stilen i arkitektur og kunst i Europa på 1500- og 1600-talet. Stilen er kjent for svulmande former, rike ornament og prektige materiale. Kjensler stod i sentrum og sterke kontrastar blei brukte. Englar svevar, mens menneska gestikulerer og kjempar.
Store boger og barokk utforming inne i eit stort kyrkjerom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Også namnet på denne stilperioden blei frå først av brukt nedsetjande. Nemninga barokk oppstod på 1800-talet, då stilartar blei diskuterte ut frå funksjonaliteten sin. Barokk peikar på noko forvrengt, smaklaust og overdådig. Ein går ut frå at ordet har opphavet sitt i det franske baroque, frå portugisisk barroco, som betyr ei uregelmessig forma perle.

Barokken oppstod i Italia og spreidde seg til det meste av Europa. Særleg fekk stilen fotfeste i Tyskland og i resten av Sentral-Europa, men spreidde seg også til Latin-Amerika.

Barokk estetikk

Den barokke estetikken var basert på kontrastar og motsetningar, ekstremisme og store dimensjonar. Dekoren var formell og kompleks, med ornament og store linjer.

Både bygningar, møblar, klede og hår var prangande og kolossale. Derfor var det i stor grad fyrstehoffa som skapte motar, og først og fremst det franske hoffet i Versailles. Bygginga av sjølve slottet starta i 1660-åra, og byggjestilen, parkanlegget, møblane, kleda og frisyrane blei kopierte av adel og velståande borgarar over heile Europa. Epoken og stilarten blir av mange rekna som den jesuittiske motreformasjonens stil.

Biletteppe

I barokkrommet på Kunstindustrimuseet heng det ei rekkje store biletteppe. Fire av teppa har motiv frå Æneiden. Desse har vore veggdekorasjonar på Vang prestegard i Hedmark. I tillegg har museet ytterlegare seks tilsvarande teppe frå same staden. Dei er alle vovne i Aubusson i Frankrike 1660–1670, og må ha vore rimelege nok i produksjon til at ein prest i utkanten av Europa hadde råd til å skaffe seg dei. Æneiden var eit romersk helteepos, skrive av Virgil i det siste hundreåret før Kristi fødsel.

Møblar og interiør i barokken

Sort stol med trekk i skoren fløyel, utskjeringer i ryggen og bua bein. Foto.

Møblane hadde det same pompøse preget som barokken elles, med kraftige løveføter og gedigne utskjeringar med gulldekor. Dei store skapa med kulebein, snodde søyler, rike utskjeringar og svære gesimsar er eit godt døme på møbelstilen i barokken.

Stolane var for representasjon, og skulle stå langs veggane. Det var derfor ikkje så nøye med utføringa av baksida av stolen. Ryggen er høg, armlena fint svinga, og mellom dei fremste stolbeina er det ofte sett inn eit rikt ornamentert bindingsbrett. Barokken er kjent for sine klumpete interiør.

I Noreg var gyllenler mest brukt til setetrekk. Det er verd å merke seg at det også er barokken som la grunnlaget for den norske treskjerarkunsten, som det framleis er tilbod om utdanning i ved handverksskulen i treskjering på Hjerleid i Dovre. Opplæringa er praktisk med grunnleggjande dugleik i teikning, treskjering, materiallære, sliping, verktøystell og kunsthistorie på planen.

Europearane klarte ikkje straks å kopiere det kinesiske porselenet. Nærmast kom fajansen frå Delft i Nederland. Denne keramikken med tinnglasur oppstod i Italia i det 15. hundreåret, og blir der kalla majolica. Delfts blauw (Delfts blå) hadde sin blomstringsperiode frå om lag 1650 til 1750. Dekorfargen koboltblått blei teken i bruk i denne perioden, og mykje av dette fargestoffet blei importert frå Blaafarveværket i Buskerud.

Klede- og hårmote

På måleri frå barokken blir menneska ofte framstilte som litt storslegne. Mennene har gjerne svære parykkar, kniplingskragar og store støvlar. Dei ber også gjerne ein kårde. Mennene kunne ha knebukser med ulike rysjar og dekorasjonar, silkestrømper med strømpeband, halstørklede og store hattar med svaiande fjør.

Kvinnemoten følgde herrestilen når det galdt fargar og materialval. Kvinnene hadde vide silkekjolar med store slep, gjerne med eit utal underskjørt under, og silke, kniplingar og oppslissa erme var vanleg. Dei bar gjerne perler rundt halsen og i håret. Både menn og kvinner gjekk med fottøy med høge hælar.

Fire bilete med ulike overdådige klesdrakter frå barokken. Kollasj
Opne bilete i eit nytt vindauge



Frisyre og sminke under barokken er eit kapittel for seg. I byrjinga skulle håret vere fyldig, med overdådige krøllarrangement på sidene og ein knute i nakken. Etter kvart utvikla likevel frisyrane seg til å bli høgare og høgare.

Frisørane, som var menn, blei kalla hårkunstnarar. Det var vanleg å bruke parykk, som var festa på stålspiler og deretter frisert med hjelp av smør og sukker. Dette var noko både mus og rotter likte godt, og eit rottebit kunne derfor bli ein uheldig konsekvens av å bere ein parykk. Ein kreativ sølvsmed kom på idéen med å lage eit bur der parykken kunne liggje om natta, for å halde smågnagarar borte.

Frå rundt 1700 blei pudderfrisyren moderne. Parykkane skulle vere kvite, og frisyrane blei derfor kraftig pudra. Sminka blei laga av egg, vatn, arsenikk og bly. Dette blei lagt på huda i eit tjukt lag for å skjule arr, rynker og andre venleiksfeil. Sminka på 1700-talet var svært skadeleg. Tungmetalla i sminka førde til ei rekkje biverknader som tap av hår og tenner, svimmelheit, pustevanskar og hovudverk.

Frå slutten av 1600-talet blei kunstige venleiksflekker populært. Dei kunne ha ulik form og plassering. Ein slik venleiksflekk ved auga indikerte ein sensuell person. Ein kunstig føflekk på kinnet ein galant person. Taft, raudt spansk lær og gummiert papir blei brukte som materiale for desse venleiksflekkane.

Ein for oss litt spesiell mote var å erstatte eigne augnebryn med pels frå mus. Bryna skapte ein sterk kontrast til det kvite håret og den perlemorsaktige huda.

Barokken i Noreg

Noreg var på 1600-talet eit fattig land under dansk styre, i utkanten av Europa. Likevel kan vi sjå teikn på den nye stilen også her. I kyrkjeinventaret kan vi leggje merke til ein overgang frå eit enkelt snikkarpreg til meir treskurd. Bergen var den byen som var først ute, men også i Oslo begynte kunsthandverkarane å hevde seg.

Det er teke vare på inventar frå overklasseheimar utført i barokkstil av treskjeraren Anders Smith, som arbeidde i Stavanger etter 1850. Magnus Berg, som hadde arbeidet sitt i København mot slutten av hundreåret, høyrer til dei viktigaste elfenbeinsskjerarane, sjølv i internasjonal målestokk.

I stilhistoria vår spenner barokken over ein tidsperiode på over hundre år, og det er klart at det i eit så langt tidsspenn skjedde endringar i stilen. Barokken står fram i stilhistoria som ein svært maskulin stil. Han er viril, brusande og kjekk. Han skulle bli etterfølgd av sitt feminine motstykke rokokkoen. Den storslegne barokken skulle i stilhistoria bli erstatta med ein stil prega av ynde og sjarm.

Spiraltrapp med barokke gelender og dekor, sett i froskeperspektiv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Widar Halén viser fram interiør frå slutten av 1600- og byrjinga av 1700-talet.

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 09.02.2021

Læringsressursar

Stilhistorie