Hopp til innhald

  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. LæringsstiarChevronRight
  4. Klassisk filmChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Klassisk film

Den klassiske filmen blei i hovudsak utvikla i Hollywood. Filmane fortel ei historie der hovudpersonane blir vikla inn i ein eller fleire intrigar. Filmane er bygde opp etter eit fast mønster (dramaturgi), og det går ofte godt til slutt.

D.W. Griffith instruerer Carol Dempster i en scene i filmen "That Royal Girl" (Paramount picture 1925).
D.W. Griffith instruerer Carol Dempster i filmen "That Royal Girl" (1925).

Forteljande film

Det som ofte blir kalla den klassiske, forteljande filmen er i særleg grad knytt til den amerikanske filmen, slik denne blei utvikla i Hollywood i perioden frå rundt 1910 fram til slutten av 2. verdskrigen. Den klassiske filmen etablerte eit sett med normer for kva som blir oppfatta som naturleg når vi ser fiksjonsforteljingar på film.

I The Great Train Robbery (1903) brukte amerikanaren Edwin S. Porter mange av dei verkemidla som vi kjenner frå moderne filmar: Scenevekslingar, kamera i rørsle og medvite bruk av kameravinklar. Porter brukte òg ein klippeteknikk som var med på å understreke den forteljinga han ville formidle.

Nye filmatiske verkemiddel

Den klassiske, forteljande filmen blir likevel knytt særleg til David W. Griffith sine filmar The Birth of a Nation (1915) og Intolerance (1916). Griffiths filmar fekk mykje å seie for den vidare utviklinga av filmkunsten, og han blir av mange rekna som far til den klassiske filmen. Griffith eksperimenterte med dei filmatiske verkemidla og utvikla montasjen gjennom å kryssklippe mellom parallelle hendingar.

Charles Dickens sine romanar skal ha vore ei stor inpirasjonskjelde for mellom anna Griffith. Dickens sine romanar var nemleg bygde opp rundt intrigar, gjerne med ein helt og ei heltinne, ein dose erotikk og ein "happy ending", element som vi kjenner att frå dei aller fleste spelefilmar.

Fast dramaturgi

Denne klassiske dramturgimodellen blir kalt Hollywood-modellen.ilustrasjon.
Denne klassiske dramaturgimodellen blir kalla Hollywood-modellen.

Eit trekk som går att i alle dei klassiske filmane er at handlinga er årsaksbestemt. Forteljinga introduserer publikum for nokre spørsmål eller problemstillingar, der vegen mot løysinga er det som driv filmen framover. Den forteljarmessige framdrifta følgjer som oftast eit fast mønster, den såkalla Hollywood-modellen.

I denne tidsperioden vart òg hovudsjangrane innan film definert, samstundes som fenomenet filmstjerner oppsto. Dei mest kjende skodespelarane spela gjerne dei same rolletypane i ulike filmar. Dette førte til at handlinga tok kjente løp, noko som publikum sette pris på. Sjangeren til ein film var, og er, ein slags kontrakt med publikum om å gje dei det produktet dei forventar. Dei ulike sjangrane appellerte til ulike publikumsgrupper, og var ein effektiv måte å dele inn marknaden på.

Norsk klassisk film

Ein av de eldste norske fiksjonsfilmane er Under forvandlingens lov frå 1911. Filmen er et sjalusidrama der Camillo og Francisca oppdagar at ektefellene deira har eit forhold til kvarandre.

Læringsressursar

Læringsstiar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale