Hopp til innhald

Fagstoff

Livssyn

Alle har eit livssyn. For somme er religion ein avgjerande del av livssynet, for andre speler religion inga rolle. Eit livssyn handlar om korleis vi forstår verda og om tankane våre rundt kva som er rett og gale.
Ein person strekkjer armane opp mot ein himmel der sola bryt gjennom skyene. Vi ser personen bakfrå, og hen står på ein fjelltopp og ser utover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er livssyn?

Livssyn kan vere ei samlenemning på meir eller mindre organiserte eller samanhengande måtar å forstå livet og verda på. Gjennom ulike livssyn legg vi vekt på ulike verdiar, oppfatningar om rett og gale, eller kva som er sant og usant.

Livssyn kan vere både religiøse og ikkje-religiøse. I Noreg er kristendommen det største religiøse livssynet, mens humanismen er eit vanleg ikkje-religiøst livssyn. Livssyn kan vere organisert i livssynssamfunn, og Human-etisk forbund er eit døme på eit humanistisk livssynssamfunn. Når vi snakkar om religiøse livssynssamfunn, seier vi gjerne trussamfunn, og Den norske kyrkja er eit døme på eit trussamfunn.

Vi treng ikkje å identifisere oss med eit konkret livssyn eller vere medlem i eit trus- eller livssynssamfunn for å ha eit livssyn. Alle har eit livssyn.

Kva består eit livssyn av?

Somme element finn vi igjen i alle livssyn. I dei fleste livssyn finst det ei oppfatning av kva verkelegheita består av og kva eit menneske er. Vi finn også tankar om kva som er rett og gale, altså etikk.

Verkeleheitsoppfatning

Verkelegheitsoppfatning handlar om korleis vi forstår verda vi lever i. Består ho av litt meir enn det materielle vi ser rundt oss – det vi kan ta og kjenne på? Finst det ein gud, eller kanskje fleire gudar? Er det vitskapen som kan gi oss den beste forståinga av verda? Alt dette er sentrale spørsmål som gjeld verkelegheitsforståinga vår.

Menneskesyn

Menneskesyn er ulike oppfatningar om menneskenaturen og kva det vil seie å vere eit menneske. Ein del sentrale spørsmål går igjen i mange livssyn: Kan vi seie at mennesket er grunnleggjande godt eller vondt? Har vi fri vilje? Har vi ei sjel? Lever vi vidare etter døden? Kva gir oss meining i livet? Sjølv om du ikkje tenkjer så mykje på desse spørsmåla, kan menneskesynet ditt vise seg i praksis gjennom måten du tek omsyn til andre på, og korleis du vel å leve livet ditt.

Etikk

Etikk handlar om korleis vi grunngir at noko er rett eller gale. Her kan det vere mange likskapar og forskjellar mellom ulike livssyn. Dei fleste er einige i at det er gale å stele eller lyge, men grunngivinga kan vere ulik. Religiøse livssyn kan finne grunngivingane for kvifor noko er rett og gale i heilage skrifter, mens ein ateist vil velje andre typar grunngivingar.

Ulike typar livssyn

Vi kan skilje mellom religiøse, ikkje-religiøse og individuelle livssyn. Religiøse livssyn tek utgangspunkt i ein religion, mens ikkje-religiøse livssyn tek utgangspunkt i noko anna. Det individuelle livssynet ditt er ditt eige personlege livssyn, men mange andre har kanskje det same livssynet. Det kan også vere ei blanding av ulike livssyn eller noko heilt eige og originalt.

Religiøse livssyn

Religiøse livssyn kan vise til konkrete organisasjonar som Den norske kyrkja og Islamic Cultural Centre eller meir overordna storleikar som jødedommen og buddhismen. I religiøse livssyn kan det vere tradisjonar, heilage tekstar, religiøse autoritetar og religiøse opplevingar som dannar grunnlaget for oppfatninga av rett og gale, av kva som er sant og usant, og kva som er verdifullt og meiningsfullt.

Ikkje-religiøse livssyn

Når vi snakkar om "religion og livssyn", viser gjerne ordet "livssyn " til ikkje-religiøse syn på livet. Døme kan vere ikkje-religiøse organisasjonar som Human-etisk Forbund eller, meir generelt, humanisme. I ikkje-religiøse livssyn er det ofte fornuft, kjensler og vitskap som dannar grunnlaget for livssynet.

Individuelle livssyn

Ser vi livssyn som noko individuelt, blir biletet meir komplekst. Dersom vi reknar oss som religiøse, er det ikkje sikkert at alle sider ved livssynet vårt har eit religiøst grunnlag. Ein muslim kan ha full tiltru til vitskapen sitt syn på verda, og ein kristen kan basere dei etiske vurderingane sine meir på fornuft og kjensler enn tekstar i Bibelen.

For somme handlar religion først og fremst om eksistensielle spørsmål som meininga med livet, trua på Guds eksistens og livet etter døden, mens andre sider ved livssynet deira er meir eller mindre upåverka av religion. På motsett side av skalaen er dei som har eit livssyn der religion dominerer fullstendig. Eit døme kan vere munkar og nonner som vier livet sitt til religionen.

Ikkje-religiøse kan også ha eit samansett livssyn. Ein ateist kan drive med buddhistisk meditasjon og vere inspirert av Buddhas lære eller delta i kristne ritual og vere påverka av kristne tankar om nestekjærleik.

I Noreg er det mange som ikkje identifiserer seg med nokon livssynsorganisasjon. Det betyr ikkje at vi ikkje har eit livssyn. Alle har sin måte å forstå verda og livet på, sjølv om det kan variere kor bevisste dei er på dette. Viss vi til dømes er likegyldige til religion og ikkje bryr oss om det finst ein gud eller ikkje, er også denne haldninga ein del av livssynet.

Ulike livssyn kan byggje på ulike kjelder

Når vi til dømes skal ta stilling til om Gud eksisterer, kan vi gjere det på ulikt grunnlag. Somme vil bruke magekjensla, andre fornufta, mens andre igjen vil ty til religiøse tekstar. Vi baserer altså livssynet vårt på ulike kjelder. Artiklane under gir ei oversikt over kva slags kjelder vi kan leggje til grunn når vi skal svare på etiske eller eksistensielle spørsmål.

Relatert innhald

Kvar kan vi finne svar på etiske spørsmål? Det finst fleire ulike kjelder til kunnskap om kva som er rett og gale og godt og vondt.

Kjelder

HL-senteret. (2011, 6. oktober). Religion og livssyn. https://www.hlsenteret.no/kunnskapsbasen/livssyn/religion-og-livssyn/religion-og-livssyn/artikkel.html

Tranøy, K. E. (2020, 4. september). Livssyn. I Store norske leksikon. https://snl.no/livssyn

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 22.08.2022

Læringsressursar

Religionskunnskap