Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanlikning – bønn

Bønn finst i mange religionar. I denne oppgåva skal de samanlikne bønnene ut frå bønneritual som er filma. Kvifor er bønn så sentralt i mange religionar?

1. Sjå og registrer

  1. Fordel klassen i grupper på tre eller fire.

  2. Fordel stader i filmen gruppene skal gå inn. Til dømes: Somme byrjar etter 3 minutt, andre etter 8, 13, 18, 23, 28 og 33 minutt.

Individuelt

  1. Gå inn i filmen på tida di gruppe har fått tildelt.

  2. Sjå fem minutt av filmen frå det punktet og beskriv det du ser og høyrer, og som du meiner kan ha med religion å gjere. Prøv å vere så objektiv som mogleg. Her skal de så langt det går ha eit utanfråperspektiv.

  • Du skal sjå etter: omgivnader, kledning, lyd, kropps- og handbevegelsar og rekvisittar som blir brukte.

Med dei andre i gruppa

  1. Gå gjennom notata dykkar. Har de sett mykje av det same? Sjå gjerne klippet om igjen. Oppdater eigne notat.

2. Bruk det de har funne

  1. Kva religionar har de sett? Kan de bestemme retning(ar)? Spør læraren om hjelp viss de står fast.

  2. Undersøk om dei ulike fenomena de har observert, har ei spesiell religiøs betydning eller grunngiving i religionane. Vel éin eller to ting per gruppemedlem.

Tips til gjennomføring:

  • Fordel oppgåvene i gruppa, men hjelp kvarandre undervegs og etter kvart som de blir ferdige.

  • I dette arbeidet bør de bruke andre kjelder, og lærar må kanskje rettleie noko.

3. Felles i klassen

  1. Er det noko av det de har funne, som går igjen i fleire religionar? Har dei i tilfelle same betydning?

  2. Kvifor kan bønn vere eit godt utgangspunkt for å lære om andre fenomen i religionen som til dømes lære, synet på Gud eller gudar og etikk? Bruk døme frå gruppene sitt arbeid.

  3. Ninian Smart snakkar om sju dimensjonar i religion. Ritual er ein av desse. Vi ser ofte at dei ulike dimensjonane påverkar kvarandre. Forklar ut frå arbeidet de har gjort.

Relatert innhald

Vidare arbeid

Set saman nye grupper og samanlikn rolla bønn har i minst to religionar/trusretningar.

CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 10.08.2022

Læringsressursar

Religionskunnskap