Hopp til innhald

Fagstoff

Religionskritikk

Er religionen si lære sann? Kva slags funksjon har religion for individ og samfunn? Det er slike vurderingar religionskritikk handlar om. Slik kritikk er i betydeleg grad kulturavhengig. Her skal vi sjå på vestleg, og særleg europeisk, religionskritikk.
Karikaturteikning av biskop med svart kappe og kors som tek imot egg og ei høne frå eit fattig par. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike perspektiv

Religion er omdiskutert. I Vesten er det utvikla ein kraftfull kritikk av religionar. Samtidig har dei fleste menneske i verda ei tru som dei opplever som viktig. Kritikk kan kome innanfrå, frå de truande sjølve. Eller det kan vere filosofiske og vitskapelege perspektiv som grunngjev kritikken (utanfråperspektiv).

Vi finn døme på religionskritikk allereie i oldtida. Kritikken var vanlegvis konkret og kritiserte bestemte førestellingar. Han kom sjeldan som ei radikal avvising av religion. Først med opplysningstida blei det utvikla ein prinsipiell og generell kritikk av religion som fenomen.

Religionskritikk kan ha eit filosofisk og livssynsbasert grunnlag, som føreset ein bestemt ståstad for kritikken. Religionskritikk kan òg vere basert på eit meir allment grunnlag, til dømes kritikk av religiøse førestillingar som bryt med anerkjent forsking eller med sentrale verdiar og moralske vurderingar som eit samfunn står bak.

Tre kritiske perspektiv:

  • illusjonistiske teoriar om religion
  • moralsk kritikk
  • reinsande kritikk innanfrå

Illusjonistiske teoriar

Illusjonistiske teoriar om religion oppfattar religion som noko som bør avslørast. Religion er ein illusjon. Thomas Hobbes (1651) er ein god representant for denne kritikken: Det er vankunne og frykt som har skapt gudane. Og tyrannar har kunna bruke ein slik illusjon for å halde folket i trelldom.

Også den moderne religionskritikken på 1800- og tidleg 1900-tal byggjer vidare på ein illusjonistisk religionsteori. Filosofen Ludwig Feuerbach hevda at mennesket har skapt Gud i sitt eige bilete: Gud er ein projeksjon av mennesket sine gode eigenskapar. Tragisk nok beundrar mennesket desse eigenskapane hos Gud i staden for hos seg sjølve. Feuerbach sin teori blei teken opp av den politiske filosofen Karl Marx, som kalla religion eit sløvande opium som hindra folket si frigjering. Denne varianten knyter religionskritikk tett saman med ei revolusjonær haldning.

Den austerrikske legen Sigmund Freud forklarar religionen psykologisk: Gud er ein projeksjon av ein autoritær farsfigur, som mennesket må frigjerast frå for å leve eit sunt liv. Ønskjer du å lære meir om dette, kan du sjå videoen Hva tenkte Freud om religion? på YouTube-kanalen Religion for Breakfast.

Også nyateistar som Richard Dawkins oppfattar religion som ein livsfarleg illusjon. Med nyateismen blir vitskapeleg kritikk av religion viktig for å grunngi den illusjonistiske religionsteorien. Religion er forfeila vitskap, som bør erstattast av vitskapeleg erkjenning.

Dersom du ønskjer å lære meir om Richard Dawkins sitt syn på religion, kan du sjå dette intervjuet på den engelske Al Jazeera-kanalen. Intervjuet varar en time, men du får eit lite inntrykk av synspunkta hans også ved å sjå dei første fem minutta: Al Jazeera-intervju med Richard Dawkins på YouTube.

Moralsk kritikk

Former for religion kan vere konfliktskapende og gi grunnlag for irrasjonell fanatisme. Ein viktig del av religionskritikken handlar om moralsk kritikk av idear og praksisar i religionar. Slik kritikk kan basere seg på samfunnet sitt verdi- og normgrunnlag, eller på kritikaren si eiga moralske overtyding.

Moralsk religionskritikk har ei lang historie. Det finst nokre døme allereie i antikken. Også profetane i Det gamle testamentet tok eit oppgjer med religiøsitet som hadde gløymt at Gud bryr seg om rettferd. Den klassiske religionskritikken med Marx i spissen tar eit liknande oppgjer med korleis religion blir brukt som middel for undertrykking.

I vår tid har oppgjeret med religiøst grunna vald blitt sentralt. Konservative og autoritære religionsformer som har legitimert kvinneundertrykking og negativitet overfor seksuelle minoritetar har kome i et kritisk søkelys.

Moralsk kritikk kan også gå på sjølve gudsbiletet i religionane og på religionsformer som trugar folk sitt sjølvstende, fridom og moglegheit til sosial og politisk framgang. Sjå skodespelar og forfattar Stephen Fry sin kritikk av det kristne gudsbiletet i eit intervju på irsk TV.

Reinsande kritikk innanfrå

Kritikk av religion kan byggje på ein idé om at det finst en ideal religion eller ei moglegheit til forbetre ein religion. For Luther var samtida sin katolisisme gjennomsyra av ubibelske tradisjonar og førestillingar. Ein djup reformasjon måtte til, ifølgje Luther, for å få fram kristendommen sin eigentlege kjerne. Kristendommen måtte reinsast for alt som ikkje hadde støtte i Bibelen.

Ein mann i munkekjortel spikrar fast eit skriv på ei dør med ein hammar mens tre andre menn ser på. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For fleire av opplysningsfilosofane fanst det ein fornuftig religion som også var den sanne religionen. Deira samtid sin kristendom låg langt unna den ideale religionen.

Den sentrale opplysningsfilosofen Kant var einig i at ein kunne finne ein rein religion innanfor fornuften sine grenser. Men Kant avviste moglegheita for ei teoretisk erkjenning av Guds eksistens og moglegheita for gudsbevis. Tru og vitskap må ikkje blandast saman. Han argumenterte likevel for tru på Gud. Gud er garantien for at moralitet og lykkerus kan foreinast, og dermed føresetnaden for at vi kan handle meiningsfullt. Denne argumentasjonen blir kalla for Kant sitt praktiske gudspostulat.

Religonskritikk i dag

I dag handlar religionskritikk meir om korleis religion kan vere godt fungerande i samfunnet. Det vil også handle om evna til openheit og toleranse overfor andre sin ståstad, og det å kunne vere sjølvkritisk. Ein religion på moderne premissar inneber at religion handlar om individ sine behov, og ikkje om statlege saker.

Fem personar ber eit banner med påskrifta "Kirken på pride". Bak vaiar regnbogeflagget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Religionskritikk er også viktig for religionen sin del, for religionen sin status og evne til å fungere konstruktivt og kunne oppnå anerkjenning i samfunnet. Han skapar moglegheit til å ha eit analytisk og kritisk forhold til eigne tradisjonar.

CC BY-SASkrive av Åge Schanke. Rettshavar: OsloMet
Sist fagleg oppdatert 01.02.2022

Læringsressursar

Religionskunnskap