Hopp til innhald

Fagstoff

Studiet av religion

For 200 år sidan vakna interessa for å studere religionar på ein vitskapleg måte. Kva var det som utløyste interessa for religion som fenomen? Og korleis pregar misforståingar og fordommar frå pionertida til faget korleis vi forstår religion i dag?
Kvit antropolog møter urbefolkning på sydhavsøy. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omgrepet religion

Omgrepet religion har opp gjennom tidene hatt ulik tyding. Omgrepet var i bruk i antikken, og den romerske politikaren og forfattaren Cicero (106–43 fvt.) meinte det kom av relegere (lat.), som tyder «å lese om att». Cicero definerte religion som å utføre ritual på rett måte til ære for gudane. «Å lese om att» viser til det Cicero meinte var sentralt i religionen: å vere nøye.

Seinare hevda den kristne forfattaren Lactanitus (250–320) at ordet kom av religare (lat.), som tyder «å binde saman». Det er det som bind mennesket til Gud. Etter kvart som kristendommen vaks fram i Europa, blei det latinske ordet religio stort sett brukt om det å utføre dei kristne rituala.

Religion og evolusjon

I middelalderen blei religionen sett på som den eine, sanne forklaringa på tilværet. I eit slikt verdsbilete er det berre plass til éin religion. Først i nyare tid er det blitt vanleg å snakke om religionar i fleirtal og å sjå på religionar som eigne fenomen i ulike kulturar.

Vitskaplege studium av religion, religionshistorie eller religionsvitskap, oppstod i Tyskland på slutten av 1800-talet. På denne tida var evolusjonsteorien til Darwin ganske fersk, og ein hadde begynt å overføre denne teorien om utviklinga av naturen til studiet av menneske, samfunn og kulturar. Eit slikt vitskapssyn kallar vi for sosialdarwinisme.

Forskarane var opptekne av å finne ut korleis religion oppstod. Var det mogleg å finne ein ur-religion? Mange studerte primitive stammesamfunn og meinte at dette var det nærmaste ein kom ein slik opphavleg religion. Enkelte såg på kristendommen som den mest utvikla og høgverdige religionen, mens andre meinte at siste skritt i evolusjonen var å forlate religionen og stole på vitskapen.

Verdsreligionar

I den tidlege religionsforskinga var ein òg oppteken av å undersøkje andre levande religionar som kunne samanliknast med kristendommen. Dette studiet førte til at religionane blei delte inn i store verdsreligionar. Det har vore vanleg å rekne med «dei fem store»:

  1. jødedom
  2. kristendom
  3. islam
  4. hinduisme
  5. buddhisme

Jødedommen er rett nok ikkje ein av dei fem største når det gjeld tal på tilhengarar (sikhismen har for eksempel langt fleire tilhengarar), men blir gjerne teken med på grunn av rolla han spelte for dei to største: kristendommen og islam.

Kritikk mot verdsreligionane

Inndelinga i verdsreligionar har i stor grad styrt måten vi forstår religionar på fram til i dag. Mot slutten av 1900-talet auka derimot kritikken mot denne måten å dele inn religionar på. Er det rett å sjå hinduismen som éin religion? Lærer vi eigentleg berre om offisiell religion sett frå synsvinkelen til dei religiøse leiarane? Korleis kan vi få fram religiøsiteten til vanlege folk og mangfaldet i religionane?

Det er ofte nødvendig å forenkle verda for å kunne begynne å forstå ho. Derfor kan det nok i ein del tilfelle vere nyttig å bruke den tradisjonelle inndelinga i verdsreligionar. Samtidig er det viktig å vere bevisst på at denne forståinga av religion også kan hindre oss i å sjå ein del former for religiøsitet som ikkje passar inn i dette mønsteret. Det kan derfor vere nyttig å studere religiøsiteten til folk og ikkje berre religionar.

Det kulturvitskaplege paradigmet

I nyare religionsforsking ser ein gjerne religion meir som ein del av kulturen. Det er stor forskjell på å vere kristen i Noreg og på Filippinane. Derfor kan ein ikkje sjå religionen uavhengig av den kulturelle konteksten.

Denne måten å forstå religion på blir av enkelte kalla for det kulturvitskaplege paradigmet. Eit paradigme er ein måte å forstå eit fagfelt på som dei fleste fagpersonar på området er einige i. Tidlegare paradigme har for eksempel vore det evolusjonistiske paradigmet, det funksjonalistiske paradigmet og verdsreligion-paradigmet.

Viktige omgrep

  • religion

  • sekularisering

  • sekulær

  • sosialdarwinisme

  • verdsreligionar

  • religiøsitet

  • det kulturvitskaplege paradigmet

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2022

Læringsressursar

Religionskunnskap