Hopp til innhald

Fagstoff

Religionsforsvar

Religionsforsvar handlar både om forsvar for enkeltreligionar og eit meir prinsipielt forsvar for religion og religiøsitet generelt. Det inneber å argumentere for at religion kan foreinast med fornuft og vitskap. Religionsforsvar i vår tid kan også vere eit svar på religionskritikk.
Muslimske og kristne riddarar i kamp. Bokilluminasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan skilje mellom tre typar religionsforsvar:

  • fundamentalistisk religionsforsvar
  • oppklarande religionsforsvar
  • moderne religionsforsvar

Fundamentalistisk religionsforsvar

Eit fundamentalistisk religionsforsvar inneber at religionen sine tradisjonar blir gjort absolutte og ufeilbarlege. All kritikk blir avvist i frykt for at tradisjonen sin autoritet skal opphøyre.

Etablerte tradisjonelle religionar kan ha eit kulturelt overtak gjennom definisjonsmakt og stor påverknad på tankegangen til folk. Religionen blir då ei legitimerande kraft i samfunnet, og i verste fall blir ikkje religions- og ytringsfridom respektert. Forsvaret for religion kan då ta form av pseudovitskap. Pseudovitskap blir presentert som vitskap, men det oppfyller ikkje krava som gjeld for vitskap.

Mennesket si utvikling frå Proconsul til Homo sapiens sapiens. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Darwin si lære om utvikling blei lenge oppfatta som eit betydeleg trugsmål mot tanken om at mennesket var skapt av Gud, og dermed mot ideen om mennesket si verdigheit og betyding. Ho blei forstått som eit avgjerande argument for eit naturalistisk livssyn.

Reaksjonen på læra om evolusjon kom særleg i USA i byrjinga av 1900-talet med fundamentalismen, ei svært konservativ form for protestantisme. Fundamentalismen insisterte på det vi kan kalle religiøs kreasjonisme, det vil seie at ei direkte skaping av dei enkelte artane har funne stad. Dette kjem i konflikt med klare kjensgjerningar som ligg til grunn for moderne biologi.

Fundamentalistisk religionsforsvar er anti-vitskapeleg, dogmatisk og konservativt. Derfor blir det sett på som lite truverdig blant religionskritikarar og fleirtalet religiøse som ikkje er fundamentalistar.

Oppklarande religionsforsvar

Religionsforsvar er også viktig i ein situasjon der det herskar mange mistydingar om religion eller bestemte religionar. Når forståing av religion blir for einsidig, kan det også utviklast haldningar som religionshat.

Religiøse ekstremistar eller fanatikarar sine handlingar kan òg føre til auka religionshat. Derfor vil religionsundervisning vere sentralt for å utvikle forståing og toleranse. Religionsvitskap bør spele ei viktig rolle for å oppklare mistydingar om religion.

Tre menn med plakatar og ein blodflekka bylt i armane. På den eine plakaten står det: "Islam er ikkje terrorisme, og terrorisme er ikkje islam". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når religionar blir forvrengde og misforståtte av sterke grupper i samfunnet, blir religionsforsvar eit offentleg ansvar og ikkje berre ein sak for religionssamfunna. Gjennom til dømes undervisning om religionar i skulen kan ein også førebyggje konfliktar som byggjer på misoppfatningar av religion.

Religionskritikk kan ofte vere prega av overforenkling og generalisering. Til dømes kan kristne i Noreg møte kritikk som rettar seg mot fundamentalistiske oppfatningar. Norske kristne er sjeldan fundamentalistiske, sjølv om det finst nokre fundamentalistiske grupper.

Det går eit grunnleggjande skilje mellom konservativ og liberal religionsforståing. Liberal religion tek avstand frå kreasjonisme. I kristen kontekst er det vanlegaste synet ei forståing av evolusjon som kan kallast teistisk evolusjon. Denne posisjonen ønskjer å foreine tanken om at mennesket har utvikla seg gjennom ei lang evolusjonshistorie med trua på at mennesket samtidig er villa av Gud. Ein slik posisjon er også gjenstand for kritikk av forskarar som til dømes evolusjonsbiologen og religionskritikaren Richard Dawkins. Hans poeng er at evolusjon er ein biologisk prosess som ikkje lar seg styre i ei gitt retning, og han tek derfor avstand frå ideen om teistisk evolusjon.

Moderne religionsforsvar

Moderne religionsforsvar handlar om å bruke logiske argument og fornuft til å gi grunn for, og legitimere, sin eigen religiøsitet. Eit slikt trusforsvar er forplikta på allmenn rasjonalitet og det å søkje det beste argumentet. Det betyr ikkje at religionsforsvaret nødvendigvis vil vere velgrunna, berre i kraft av denne forpliktinga. Det krevst også gode og relevante argument med grunnlag i til dømes filosofisk eller samfunnsvitskapeleg innsikt.

Dei fleste som forsvarar religion og hevdar at han er rasjonell, peiker på at det ikkje er noko motsetnadsforhold mellom vitskap og religion.

CC BY-SASkrive av Åge Schanke. Rettshavar: OsloMet
Sist fagleg oppdatert 01.02.2022

Læringsressursar

Religionskunnskap